Eit fleirtal i fylkesutvalet ber no Klima- og miljødepartementet og rovviltnemnda sette i verk nye tiltak for å avgrense tap av husdyr på utmarksbeite. Bakgrunnen er store tap i 2024 til rovvilt. I starten på september, før sanking, stod Møre og Romsdal for over 40 prosent av tapte lam på nasjonalt nivå registrert på rovbase.no.
– Ifølge Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har beitelaga i dei mest utsette områda prøvd ut alle førebyggande tiltak som er kjende, men likevel er tapa høge, går det fram av saksframlegget til saka «Orientering om status i beitenæringa i rovviltområde i Møre og Romsdal 2024», som vart lagt fram for fylkesutvalet måndag.
Fylkesutvalet vedtok følgande:
1. Møre og Romsdal fylkeskommune er sterkt uroa over dei vedvarande høge tapa av lam til rovvilt i delar av fylket, som no er dei høgaste tapstala i landet. Situasjonen viser at førebyggjande tiltak i beiteområda ikkje er tilstrekkeleg for å redusere tapa, og at endringar i rovviltforvaltninga må til for å kome ned på bestandsmåla Stortinget har vedtatt.
2. Møre og Romsdal fylkeskommune ber departementet gi fellingsløyve innanfor forvaltningsområdet for jerv i Møre og Romsdal for å nå bestandsmåla.
3. Møre og Romsdal fylkeskommune ber departementet gi løyve til jakt på familiegruppe gaupe i delområde Tingvoll/Sunndal frå starten av jakta.
4. Møre og Romsdal fylkeskommune ber Rovviltnemnda for region 6, Midt-Norge om å ta Tingvollhalvøya ut av forvaltningsområdet for gaupe ved revisjon av forvaltningsplan, slik at dette området vert avgrensa av Halsafjorden/Ålvundfjorden i sør.
5. Møre og Romsdal fylkeskommune foreslår at grensa for forvaltningsområdet for jerv blir flytta austover, til dømes
- ta vekk del av forvaltingsområdet for jerv som ligg søraust for Rv.63 Valldal-Åndalsnes og nord for Tafjorden-Reindalen landskapsvernområde.
- ta ut beiteområda i Ulvådalen og Verma (Rauma) av forvaltningsområdet for jerv
- ta ut Geiranger-Herdalen landskapsvernområde/verdsarvområde og Tafjorden-Reindalen landskapsvernområde av forvaltingsområdet for jerv
6. Snever soneinndeling i rovviltforvaltninga kan føre til store belastningar i enkeltområde, noko vi ser tydeleg i vårt fylke. Møre og Romsdal fylkeskommune ber departementet i større grad sjå forvaltningsområda under eitt når det gjeld uttak og tiltak for å halde bestandane på dei vedtekne bestandsmåla. Uttak må skje der rovdyra er til størst skade for beitenæringa.
Vedtaket blir sendt til Klima- og miljødepartementet, Miljødirektoratet, rovviltnemnda i Midt-Norge og Statsforvaltaren.
Møteinnkalling, saksliste, saksframlegg og møteprotokoll for fylkesutvalet måndag 28. oktober 2024.