Ber om hastemøte med statsministeren

Møre og Romsdal fylkeskommune ber om eit hastemøte med statsministeren, samferdselsministeren og næringsministeren. Tema: Nasjonal turistveg Trollstigen, og rassikring av vegen.

Oersiktsbilete over Trollstigen - Klikk for stort bileteTrollstigen. Møre og Romsdal fylkeskommune

Ønske om møte kjem frå fylkesordførar Anders Riise og leiar av samferdselsutvalet, Hans Olav Myklebust, og er adressert til statsminister Jonas Gahr Støre, samferdselsminister Jon-Ivar Nygård og næringsminister Cecilie Myrseth. Fylkesordføraren og leiaren av samferdselsutvalet vil «avklare kva moglegheiter der kan vere for at staten kan bidra til sikring av Trollstigen spesielt, og sikre nasjonale og regionale interesser generelt.»

I brevet skriv dei at «Situasjonen med tanke på ras og rasfare har vorte mykje meir alvorleg og uforutsigbar den siste tida. Stenging av vegen kan forekomme mykje oftare og i lengre periodar. Både stenging av vegen, og skade på liv og helse vil ha betydning for Noreg sitt omdømme internasjonalt.»

Dei peikar på Trollstigen som nasjonal merkevare: «Det er ikkje tvil om at Trollstigen er ein av dei viktige attraksjonane i Noreg, og bidreg til at utanlandske turistar besøker landet, og for å oppleve denne spektakulære vegstrekninga. I tillegg til nordmenn som ferierer i eige land. Trollstigen er som kjent ein av dei  mest populære turistvegane i landet.

I brevet skriv dei at Møre og Romsdal fylkeskommune arbeidar med eit forprosjekt med tanke på sikring av fjell, som skal vere klar hausten 2024, men at det ikkje er midlar i fylkeskommunen til å gjennomføre nødvendige sikringstiltak.

Fv. 63 Trollstigen vart opna for trafikk fredag 7. juni. Samtidig vart det innført ei rekke risikoreduserande tiltak.