I eit brev til Miljødirektoratet skriv fylkesordføraren at Møre og Romsdal fylkeskommune i fleire år har arbeidd for å mogleggjere utnytting av overskotsvarmen som blir sleppt ut via kjølevatn til sjøen. Ved full drift svarar dette til over 2 TWh per år. Til samanlikning: Det samla kraftforbruket i heile Møre og Romsdal var i 2023 på 12,7 TWh, ifølge Statistisk sentralbyrå.
I prosessanlegget sitt utsleppsløyve står det at bedrifta skal, også gjennom tiltak på eige bedriftsområde, leggje til rette for at overskotsenergi skal kunne utnyttast eksternt med mindre det kan godtgjerast at dette ikkje er teknisk eller økonomisk mogleg.
Gassco-utgreiing
I februar 2019 bad fylkeskommunen om eit møte med direktoratet for å få klarheit i korleis formuleringa skal tolkast, og om operatøren synest å oppfylle sine forpliktingar og krav i samsvar med dette. Møtet vart halde ein månad seinare, og då vart det sagt at Gassco skulle gjennomføre ei utgreiing for å dokumentere kva som skal til for å kunne gjere overskotsvarmen tilgjengeleg for tredjepart.
Utgreiinga frå Gassco vart ferdig i november 2022, og 15. august 2023 hadde fylkeskommunen eit Teams-møte med Miljødirektoratet. I møtet kom det mellom anna fram at Miljødirektoratet ville gjere ei vurdering av om krava i løyvet er presise nok og ei vurdering av Gassco si utgreiing opp mot krava i løyvet.
Vil drøfte tiltak
– Vi skulle få invitasjon til eit nytt statusmøte med Miljødirektoratet i løpet av hausten 2023, men har enno ikkje mottatt nokon invitasjon. Fylkesordføraren ber no om eit nytt møte med Miljødirektoratet for å gå gjennom status frå Miljødirektoratet si side og for å drøfte kva for tiltak som kan gjerast for å mogleggjere utnytting av overskotsvarmen, skriv Riise i brevet.