Ber politikarane om å ta vanskelege val på kulturområdet

Fylkeskommunedirektøren ber politikarane gjere klare val om kva oppgåver kulturavdelinga skal prioritere bort.

Med kritisk låg bemanning og eit uløyst effektiviseringskrav på 2,5 millionar kroner, er det ikkje lenger forsvarleg med jamne kutt. I staden må innsatsen konsentrerast om lovpålagde oppgåver og tiltak med høg samfunnsverdi.

I saksframlegget til kultur- og folkehelseutvalet blir det slått fast at prioriteringane vil gi meir målretta ressursbruk, men også føre til svekka fagleg støtte til kommunane, tap av utviklingsmoglegheiter for eit stort mangfald av aktørar i fylket og manglande leveransar på lovpålagde oppgåver.

Følgande blir foreslått nedprioritert:

  • Plan- og byggesaker med låg regional verdi
  • Statlege tilskotsordningar som ikkje er forskriftsfesta og har kort varigheit
  • Langsiktig utviklingsarbeid innan arkiv, språk, film og frivilligheit

Følgande blir foreslått prioritert:

  • Lovpålagde oppgåver innan kulturmiljø, bibliotek, friluftsliv og folkehelse
  • Tenester med dokumentert effekt, som Den kulturelle skolesekken og Ung Kultur Møtes
  • Tilskotsordningar med høg samfunnsverdi og lang varigheit

Omfattande konsekvensar

Konsekvensane av nedprioriteringane er omfattande. Kommunane får mindre fagleg støtte og må i større grad stå aleine i kommunalt planarbeid og utviklingsprosjekt. Kulturaktørar og frivillige mister tilgang til ressursar og samarbeid, og fylkeskommunen risikerer å miste tillit som fagleg støttespelar. I tillegg kan manglande rettleiing og kapasitet føre til tap av kulturminne.

Fylkeskommunedirektøren innstiller på at kultur- og folkehelseutvalet støttar tilrådinga, og tek til vitande at prioriteringane vil gå ut over kvalitet, tilbod og vidare utvikling innan kulturområdet.

Møteinnkalling og saksframlegg for kultur- og folkehelseutvalet måndag 10. november