Ber Sjøfartsdirektoratet vente med å stramme inn regelverket

Vestlandsrådet ber om at Sjøfartsdirektoratet inntil vidare utset den varsla innstramminga av praksisen med å gi unntak frå kviletida for mannskap på båtar.

Fylkesordføraren fotografert på dekket på ei ferje. - Klikk for stort bileteFylkesordførar Anders Riise. Per-Kristian Bratteng

I det einstemmige vedtaket står det at:

«Fylkeskommunar, beredskapsaktørar og Sjøfartsdirektoratet treng tid for i fellesskap å finne fram til løysingar som sikrar at

  • fylkeskommunane sine lovpålagte oppgåver kan løysast
  • innbyggarar og næringsliv er sikra pålitelege og føreseielege tenester
  • beredskapsaktørar er sikra ein formålstenleg transport

Det er særleg viktig at innstramming av praksis for dispensasjonar blir slik at fylkeskommunane kan tilby ei stabil teneste for skoleelevar. Dette er ei lovpålagt oppgåve fylkeskommunane har, og som dei på det noverande tidspunkt ikkje får løyst ved beredskapshendingar», går det fram av vedtaket.

32 beredskapsturar i kviletida

I saksframlegget er Eidsdal–Linge spesielt løfta fram. «Etter at Sjøfartsdirektoratet har stramma inn sin praksis for dispensasjonar frå kviletidskravet etter beredskapsturar, har ikkje operatøren Fjord1 mannskap til å betene ferja før 6 timar etter at siste beredskapstur er avslutta», går det fram av saksframlegget. Sambandet hadde i 2023 til saman 32 utrykkingsturar i kviletida til mannskapet.

Også i Vestland er det fleire samband som har same problemstilling, men desse har færre beredskapsturar gjennom eit år enn det Eidsdal–Linge har.

«Omsynet til folk og næringslivet må og vege tungt. Det vil vere lite effektiv ressursbruk om fylkeskommunar ikkje lenger kan legge til rette for beredskapsaktørar, men må avvikle beredskapssamband for å sikre eigne lovpålagte tenester», går det fram av vedtaket frå Vestlandsrådet.

Politisk samarbeidsråd

Vestlandsrådet er eit politisk samarbeidsråd mellom fylkeskommunane Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal. Rådet blir leia av Anders Riise, fylkesordførar i Møre og Romsdal, og med Ole Ueland, fylkesordførar i Rogaland, som nestleiar.

Leiar Anders Riise har bedt om eit møte med Sjøfartsdirektoratet om innstramminga av regelverket.

Lenke til saksliste, saksframlegg og vedtak frå Vestlandsrådet 11. januar 2024