Forfatter Martine Grande skal ut på turné i Møre og Romsdal med boka si «Stor».
Hanne Hasselberg
Gjennom turneen inviterer folkebiblioteka barnehagar til høgtlesing og litteraturformidling med bildeboka «Stor» av Martine Grande. Møre og Romsdal fylkeskommune er samarbeidspart og bidreg til å styrke litteratur og leselyst blant barn i fylket.
Forfattar og formidlarar på turné
Turneen går første veka i juni med 38 førestillingar på 30 bibliotek i fylket.
Forfattar Martine Grande deltek saman med formidlarane Marianne Sundal, Thomas Jørstad Pettersen og Tjodun Felland. Samarbeidet mellom Norsk litteraturfestival, folkebiblioteka og fylkeskommunen gir barna eit nært og inspirerande møte med litteraturen.
– Dekker eit viktig behov
– Det er gledeleg å kunne gi Boklek til fleire barn. Støtta frå Kulturrådet viser at satsinga på leseglede tidleg i skoleløpet dekker eit viktig behov, seier Mia Granum, Boklek-koordinator i Norsk Litteraturfestival.
Barnehagane blir inviterte til sitt lokale bibliotek, der barna får oppleve høgtlesing basert på temaet i boka – å vere liten og å drøyme om å bli større. For fem- og seksåringar som skal begynne på skolen til hausten, er dette ei velkjend kjensle.
Boklek – eit etablert og populært tiltak
Boklek har vore ein suksess i fleire fylke dei siste åtte åra. I år får endeleg skolestartarane i Møre og Romsdal tilbodet.
– Vi er stolte av å kunne tilby Boklek til skolestartarane i Møre og Romsdal. Prosjektet blir eit viktig bidrag til leselyststrategien, og vi håpar biblioteka, barnehagane og barna får stor glede av det, seier Gro Elin Eriksen, rådgivar for regional bibliotekutvikling og litteraturansvarleg i Den kulturelle skolesekken i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Skal gi leselyst
Målet med Boklek er å gi barn gode litteraturopplevingar, skape leselyst og styrke samarbeidet mellom barnehagar og folkebibliotek. Norsk litteraturfestival har fått støtte frå Kulturrådet til turneane i Trøndelag og Møre og Romsdal, i tillegg til finansiering frå fylkeskommunane.
Alle barnehagar knytte til dei påmelde biblioteka har fått tilbod om å delta.
Desse 30 biblioteka i Møre og Romsdal får besøk av Boklek.