Betonglærlingar bestod fagprøven i Brusdalen

Slettebakkbrua i Ålesund er i ferd med å bli heilt ny. Lærlingane Tommy Skogum og Yohans Michael Tekie har bidratt i prosjektet, og går inn i ein bransje med stort behov for fagfolk.  

Portrett av tre personer i vernetøy - Klikk for stort bileteFrå venstre: Byggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Erling Mørch, lærling Yohans Michael Tekie og Jørn Lauvstad frå Consolvo. Lærling Tommy Skogum var ikkje til stades. Else Britt Ervik

- Arbeidet har gått etter planen, og vi har samarbeida godt med Consolvo og lærlingane, seier Erling Mørch, byggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.  

Det stort behov fleire fagarbeidarar, og Tommy Skogum og Yohans Michael Tekie fekk denne månaden ei velfortent feiring med kake i anleggsbrakka for bestått fagprøve. Mørch fortel at det viktig for fylkeskommunen å legge til rette for lærlingar, og få nye fagfolk innan betongfag såvel som andre fagområde. 

- Det er verdifullt for oss å kunne bidra med prosjekt som er aktuelle for lærlingar, og veldig flott at dei no fekk godkjent fagprøven i betongfaget, seier han.

Bygde kvar sin mur

Betongfaget er ein del av vidaregåande opplæring, og handlar om å forskale, armere og støype nye bygg- og anleggskonstruksjonar, i tillegg til å vedlikehalde eksisterande bygningsmassar.  Jørn Lauvstad frå entreprenøren Consolvo har hatt ansvaret for oppfølginga av lærlingane på staden. Han fortel at arbeidet har gått fint, med dyktige elevar.  

- Først bygde vi to murar på eine sida av stikkrenna, slik at dei fekk lære dette, seier Lauvstad.  

- Deretter hadde lærlingane ansvaret for ein mur kvar på andre sida av stikkrenna, som var fagprøven deira. Dette klarte dei godt.  

Oppgradering av vegen

Slettebakkbrua leiar vatnet frå Slettebakktjønna ned til Brusdalsvatnet, og vil no bli klassifisert som ei stikkrenne på grunn av størrelsen på konstruksjonen. Slettebakkbrua har mellom anna fått nye landkar og murar, og blir bytta ut for å auke vegstandard og bruksklasse til fylkesvegen.  

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som er byggherre på prosjektet, medan Consolvo er entreprenør. Prosjektet er venta ferdig i løpet av juli. 

Bru under bygging - Klikk for stort bileteDen nye brua, eller stikkrenna, aukar vegstandarden på fylkesvegen. Else Britt Ervik Personer i vernetøy jobber på bru. - Klikk for stort bileteFagprøven til lærlingane var å bygge ein murvegg kvar. Else Britt Ervik