Biblioteka får 1,2 mill. til å skape leselyst hos dei minste

Over heile fylket set biblioteka no inn støyten for å få små barn til å bli glad i bøker og lesing. Leselyst-prosjektet blir koordinert av fylkeskommunen. 

Mor holder barnet sitt og ser på ei bok. - Klikk for stort bileteÅ skape positive leseopplevingar er eit godt utgangspunkt for både språkutvikling, fantasi og leik. Det skal Leselyst-prosjektet bidra til. Unsplash

Nasjonalbiblioteket tildeler ein 1,2 mill. kr til prosjektet som er eit samarbeid mellom 24 folkebibliotek og Møre og Romsdal fylkeskommune. Prosjektet skal bidra til at biblioteka når ut til foreldre og besteforeldre, men også helsestasjonar, barnehagar og skolar, for å skape ein kultur for lesing. 

- Med dette tilskotet får vi styrka innsatsen mot dei minste. Dette er viktig fordi positive leseopplevingar er eit godt utgangspunkt for både språkutvikling, fantasi og leik. Leselyst kan barnet ta med seg vidare i livet. Lesing er dessutan ei grunnleggande ferdigheit for å tileigne seg kunnskap og delta i demokratiet, seier Åshild Widerøe, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Foreldre og besteforeldre

Utover året vil det bli fleire tiltak; som lesestunder i barnehagar og skole, motivere foreldre og besteforeldre til å lese høgt saman med dei minste, samarbeid med helsestasjonar om lesepakkar, digital formidling av litteratur og formidling av tilrettelagt litteratur og mykje anna. 

-Følg med på kva som skjer på biblioteket ditt, oppmodar Widerøe.

Tiltaka kan variere frå kommune til kommune.

24 kommunar

Målet med prosjektet er

• å skape leselyst hos barn i alderen 0–6 år 

• å spreie kunnskap om kor viktig det er å lese for barn og skape ein god lesekultur

• å skape samarbeid med barnehagar, skolar, helsestasjonar, andre bibliotek og frivillige organisasjonar.

Desse biblioteka er med: 

Aukra, Aure, Averøy, Fjord, Giske, Haram, Hareid, Herøy, Hustadvika, Molde, Rauma, Sande, Smøla,

Stranda, Sula, Sunndal, Surnadal, Sykkylven, Tingvoll, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda og Ørsta

Fylkeskommunen vil halde i trådane og gi rettleiing, og gjennomføre kompetansehevande tiltak på feltet. Prosjektet i Møre og Romsdal er eit av 22 prosjekt som har fått støtte frå Nasjonalbiblioteket til å drive aktiv litteraturformidling.