– Bidreg til at bransjen tør satse på nullutslepp

Kristiansund Energihub er eit viktig bidrag for at transportbransjen tør investere i kostbare køyretøy med nullutslepp.

Illustrasjon som viser Kristiansund Energihub. - Klikk for stort bileteIllustrasjon som viser Kristiansund Energihub. Sett mot sørvest. Kristiansund Energihub AS

Det meiner Per Oterholm, rådgivar på seksjon Energi og grøn omstilling i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Denne veka vart planane for Kristiansund Energihub presentert: I 2025 blir det opna ein fossilfri energistasjon for tungtransportbransjen i Kristiansund Næringspark, like ved Kristiansund lufthavn, Kvernberget. Der skal storbilar som buss, lastebil og vogntog få tilgang på elektrisk kraft, biogass eller hydrogen.

Høna og egget

Per Oterholm meiner det er ei høna og egget-utfordring: 

– Bransjen vil ikkje investere i kostbare nullutsleppsbilar utan sikker tilgang til drivstoff. Samtidig er det risiko med å etablere energistasjonar utan tilstrekkeleg kundegrunnlag. Men når seriøse aktørar som Kristiansund Energihub AS etablerer energistasjonar som tilbyr fleire nullutslepp-drivstoff, er risikoen redusert for transportaktørane, seier Oterholm.

Landtransport står for om lag 15 prosent av dei totale klimagassutsleppa i Møre og Romsdal. I motsetning til personbilmarknaden, der den fossilfrie framtida ligg an til å vere elektrisk framdrift, så er det meir komplisert for tungbilmarknaden. Der er det mellom anna større variasjon i køyremønster, og enda høgare krav til rask fylling av energi. Det vil vere behov for ein miks av fleire energiberarar og typar drivstoff for å dekke behovet til tungtransport.

Ambisiøse mål

Stortinget har sett ambisiøse teknologimål, som gjer at bransjen må omstille seg. I den siste vedtatte Nasjonal transportplan (NTP) er desse måltala vedtatt:

  • nye personbilar og lette varebilar skal vere nullutsleppkøyretøy i 2025
  • nye bybussar skal være nullutsleppkøyretøy eller bruke biogass i 2025
  • innan 2030 skal nye tyngre varebilar, 75 prosent av nye langdistansebussar og 50 prosent av nye lastebilar være nullutsleppkøyretøy
  • innan 2030 skal varedistribusjonen i dei største bysentera vere tilnærma nullutslepp

Satsing i Møre og Romsdal

I Møre og Romsdal er det i Digerneset Næringspark allereie etablert ein energistasjon, med tilgjengeleg biogass, hydrogen og elektrisitet for storbilar. I tillegg har fylkeskommunen gitt tilskot til eit pågåande forprosjekt for etablering av ein tilsvarande energistasjon i Molde-området.

Fylkeskommunen har gjennom Skaparkraft-programmet bidratt med økonomisk støtte til forprosjektet for etablering av energistasjon for tungbilar i Kristiansund, og seksjonen Energi og grøn omstilling har gitt fagleg støtte i forprosjektet.