Vedtaket blei gjort einstemmig i kompetanse- og næringsutvalet 17. mars. Tiltaket blir løfta fram som eit viktig bidrag for å styrke kunnskapsgrunnlaget og utvikle ei næring i vekst i fylket.
Prosjektet blir gjennomført av Norsk Landbruksrådgiving Midt og skal gå over tre år. Målet er å få fram meir presis gjødsling og betre ressursutnytting ved å kombinere analysar av jord, blad og frukt med klimadata. Arbeidet skal gi produsentane betre grunnlag for avlingsstyring og kvalitet i epleproduksjonen.
Prosjektet er vurdert etter ein karakterskala frå éin til sju, der prosjekt må ha betre enn 4 for å kvalifisere til støtte. Det fekk karakter 5, og vurderinga peikar på solid fagleg metode, god regional relevans og klare moglegheiter for vidareutvikling.
Tilskotet blir gitt som ein del av dei regionale tilretteleggingsmidlane for landbruket, og finansieringa har ikkje økonomiske konsekvensar for fylkeskommunen sidan midlane er statlege.
Saksframlegg og møteprotokoll frå kompetanse- og næringsutvalet tysdag 17. mars