Den nye billetten heiter Bypakke Kristiansund og kostar 499 kroner for vaksne og 280 kroner for barn og honnør. Billetten gjeld i 30 dagar for bussreiser i Kristiansund kommune, inkludert Frei.
Dagens periodebillett for 30 dagar kostar 777 kroner for vaksne og 426 kroner for barn og honnør. Med den nye bypakke-billetten blir prisen redusert med 278 kroner for vaksne og 146 kroner for barn og honnør.
Den rabatterte bussbilletten er eit av kollektivtiltaka i bypakken, og skal gjere det enklare og meir attraktivt å velje buss i ein periode der trafikkmønsteret i byen endrar seg.
– Vi veit at innføring av bompengar vil merkast. Derfor er det viktig å vise at kollektivtilbodet blir meir attraktivt. Den nye bypakke-billetten gir folk i Kristiansund eit rimelegare alternativ til bil, seier seksjonsleiar for marknad i FRAM, Toril Karlsnes.
Tiltaket er mellombels og blir finansiert gjennom Bypakke Kristiansund. Etter planen skal billetten vere tilgjengeleg minst ut året.
Billetten kan kjøpast i FRAM-appen og nettbutikken på frammr.no frå måndag 1. juni.