Mykje å lære når ein er ung trafikant.
Møre og Romsdal fylkeskommune
Måndag 17. august startar eit nytt skoleår. Då blir det fleire barn langs vegane, og alle trafikantar må vere ekstra merksame.
Dei yngste skolebarna har ikkje dei same føresetnadene som vaksne for å vurdere fart, og avstand.
– Senk farten og ver førebudd på at barn kan handle annleis enn du forventar. Vi har alle eit ansvar for å gjere skolevegen så trygg som mogleg, uansett om vi er bilistar, hageeigarar eller foreldre, seier John Hauger i plan- og trafikkseksjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Oppfordringa gjeld særleg rundt skolane, ved gangfelt og haldeplassar og langs vegar der mange barn går eller syklar.
Sørg for fri sikt
Fylkeskommunen oppfordrar dei som bur langs skolevegar, til å sjekke hekkar, buskar og tre på eigedommen. Høge hekkar ved avkøyrsler og kryss kan skjule barn for bilistar. God sikt gir gåande, syklande og køyrande betre tid til å oppdage kvarandre.
Øv på skolevegen
Føresette bør gå skolevegen saman med barna før skolestart. Vel den tryggaste vegen, sjølv om det betyr ein litt lengre tur. Snakk om kvar barnet bør krysse vegen, og kva situasjonar som kan oppstå.
Mindre biltrafikk rundt skolen
Dei som køyrer barna til skolen, bør følge skiltinga og bruke skolen sine etablerte soner for levering og henting. Når forholda ligg til rette, kan barna gå eller sykle til skolen. Då får dei mosjon, frisk luft og erfaring med å ferdast i trafikken.