Bli med på bålkos på laurdag!

Laurdag 18. januar blir det tent opp bål i heile Møre og Romsdal. ‘Heile Noreg’ tenner bål denne dagen og markerer at Friluftslivets År 2025 er opna.

Bål med snø og tre rundt. - Klikk for stort bileteOgså Møre og Romsdal markerer opninga av Friluftlivsåret med bålbrenning. Møre og Romsdal fylkeskommune.

I år skal vi nemleg feire naturen og alle dei fantastiske opplevingane den har å tilby. Dette året skal minne oss om kor viktig det er å bevare naturområda våre og fremje friluftsliv for alle.

Så kvifor skal vi samlast rundt bålet – og feire friluftslivet?

Da isen trakk seg tilbake og dei første menneska vandra inn i Noreg for meir enn 10 000 år sidan var bålet med på lasset. Det vart brukt til å lage mat, halde folk varme og ga beskyttelse mot rovdyr. Elden har vore avgjerande for mennesket si overleving og utvikling, og bålet har vore ein stad for samling, der historier har blitt delt, kunnskap overført og sterke band skapt.

Arvematerialet vårt har ikkje endra seg sidan dei første menneska kom til landet. Likevel er måten vi lev liva våre på totalt forandra sidan den gongen. I ein hektisk kvardag prega av kontorarbeid, teknologi, og moderne hjelpemidlar, kan friluftslivet og bålet gi oss ei etterlengta pause, ein moglegheit til å kople av og kome i kontakt med urmennesket i oss. Vi kan få kjenne på korleis psyken og kroppen eigentleg er tilpassa eit liv i naturen. Rundt bålet kjenner du deg trygg og praten og historiene flyt fritt. Nett slik som det må ha vore for forfedrane våre.  Å kjenne varmen frå flammane og høyre knitringa av veden som brenn, er ei oppleving som bringer oss nærare både naturen, oss sjølve og kvarandre.

Betra folkehelse

Ikkje rart at friluftsliv har positiv innverknad på vår fysiske og mentale helse. Å bruke tid ute i naturen, puste inn frisk luft og vere i rørsle, bidreg til å redusere stress og forbetre humøret. Forsking viser at regelmessig friluftsliv kan redusere risikoen for ei rekkje helseproblem, inkludert hjarte- og karsjukdomar, diabetes og depresjon. Når vi kombinerer friluftsliv med sosiale aktivitetar som å tenne bål, får vi ein dobbel gevinst: både fysisk aktivitet og sosialt samvær, som begge er viktige for korleis vi har det.

I Friluftslivsåret skal vi få fram alt det positive friluftslivet gjer med oss. Draumen er at alle skal finne friluftsglede og bruke turområda der dei bur, bli kjent med friluftslivsaktitetar dei kan oppleve i lag med andre.

Alt dette kan vi skrive under på. Dette er viktige mål også for fylkeskommunen. Derfor er vi også ein støttespelar for Friluftslivsåret og bidrar med blant anna tilskot til aktivitetar og markeringar gjennom heile 2025.

No står organisasjonar, lag, klubber, grupper og foreiningar i heile fylket – og i heile landet - klare til å invitere deg med på alle slags aktivitetar utandørs. Det kan være gåturar, sykling, samling rundt bål, orientering, padling, sanketurar, fisketurar og mykje meir.

For å finne ut kva som skjer i ditt nærmiljø, kan du gå inn i i aktivitetskalenderen for Friluftslivets år. På laurdag vil det bli tent over femti bål i fylket, og du kan bli med.

Denne dagen er ei perfekt anledning til å samle vener og familie rundt bålet. La flammane varme deg, både fysisk og mentalt, og kjenn at bålet styrkar banda mellom deg og menneska rundt deg. Friluftslivet har så mykje å tilby, og det er opp til oss å gripe moglegheitene og nyte kvart augneblink.