Bli med på Opplevingsfestivalen i Ulsteinvik

Opplevingsfestivalen er den største møteplassen i fylket for alle som jobbar med reiseliv, mat, kultur og andre opplevingar. Nye samarbeid og opplevingar er det arrangørane ønsker å oppnå.

festivaldeltakere med hender i været - Klikk for stort bileteOpplevingsfestivalen i Møre og Romsdal

Festivalen går av stabelen 5. og 6. mars i Ulsteinvik, på Quality Hotel. Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som arrangerer og inviterer til det som skal vere ein møteplass for alle i opplevelsesnæringane. 

- Vi er svært rause med kva vi legg i omgrepet opplevingsnæringane, og synes du at dette er spennande, så meld deg på sjølv om du er usikker på om du høyrer heime i denne definisjonen, seier Lillian Sæther, rådgivar i fylkeskommunen.

Ho ser fram til nye treff og opplevingar på festivalen.

- Skal du utvikle forretningsideen eller bedrifta di, må du vite og kjenne til kven du kan samhandle med. Denne festivalen kan derfor vere spire til nye opplevingar. Her kan du også få tips til korleis du formar produktet du tilbyr, slik at det passar til målgruppa, seier Sæther.

Troll og vikingar

Eit av dei faglege temaa i år er nemleg Opplevingsdesign. Det er kunsten å sjå sluttproduktet frå gjesten sitt perspektiv, og utforme opplevinga slik at den får størst mogleg verdi for gjesten og samtidig lønnsam for produsenten. På plakaten står aktørar som har brukt metoden i si produktutvikling, blant anna verdas einaste forskingsstasjon for troll, “Home of  the Trolls”. Dei fortel korleis dei har brukt verktøyet.

Andre namn og aktivitetar på programmet:

  • Jenny Hoff frå Renomme tar for seg temaet “Engasjerande digital kommunikasjon” – om  å kommunisere rett til rett mottakar til rett tid.
  • Herøyspelet og Sølvane Gard med innlegget “Kultur og reiseliv i praksis”. To praktiske eksempel på samarbeid på tvers.
  • Margreth Olin tar deltakarane med på ei sanseoppleving i Vestlandsnaturen, inspirert av filmen Fedrelandet.
  • Are Kalvø byr på humor, varme, alvor og snert.
  • Kveldsarrangementet på Hodr Viktingsete i Hjørungavåg. Heilt nytt og enno ikkje offisielt opna.
  • Knallopning med ulike aktivitetar og oppgåver utandørs. Opplev Runde arrangerer.

Årets konferansier er Ståle Brandshaug, som er prosjektleiar i “Opplev heile Møre og Romsdal – heile året”. Prosjektet er formell arrangør av Opplevingsfestivalen, i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Påmeldingsfrist er fedag 12. februar 2025

Du kan lese meir om festivalen og melde deg på her.