Bli med på webinar: Søk støtte til nyskapande næringsutvikling

Både kommunar, bedrifter, næringsklynger, innovasjons- og forskingsmiljø kan søke fylkeskommunen om støtte til utviklingsprosjekt. Bli med på webinar den 14. mars for å lære meir.

Har bedrifta di ein ide som kan bli utvikla gjennom forsking? Ønsker du å skape eit nytt utdanningstilbod, eit nytt grønt industrikonsept eller har du eit forslag som kan auke tilgangen på arbeidskraft? Dette, og mykje meir kan du søke fylkeskommunen om tilskot til.

14. mars inviterer fylkeskommunen til webinar om sju ulike støtteordningar innan forsking, utdanning eller nærings- og samfunnsutvikling. Meld deg på webinaret her.

Fordelte 81 mill. kroner

I 2024 behandla fylkeskommunen 164 søknader og fordelte 81 mill. kroner til regionale utviklingsprosjekt innan næring og nyskaping. Dette utløyste utviklingsaktivitet for over 190 mill. kroner i heile Møre og Romsdal. Både kommunar, bedrifter, næringsklynger, utdannings- , innovasjons- og forskingsmiljø fekk støtte og gjennomførte prosjekt. For mange er dette første steget i eit større utviklingsprosjekt, som i neste omgang hentar støtte frå nasjonale og internasjonale støtteordningar eller frå private investormiljø.

Klar for søking

Fylkeskommunen forvaltar både statlege og fylkeskommunale ordningar, og no er dei klare for ny søknadsrunde. Du kan finne ei oversikt over kva som kan søkast på på fylkeskommunen sine nettsider. (Filtrer på "Næring, forsking og utvikling")

Webinaret tar for seg dei ulike tilskota, søknadsfrist og målgrupper.