Vegprosjektet mellom Blindheim - Flisnes er estimert ferdig i slutten 2027.
Eivind Finnes
Strekninga er sterkt trafikkert, og får ei kraftig oppgradering i dette vegprosjektet. Kryssa i Eikenosen og Puskhola er sanert. Det same skal skje med krysset ved Ospedalssvingen. Ny rundkøyring ved Blindheimshallen er ferdig bygd, og det same er nye vegar til Ramsvika og Eikenosen. Vidare kjem det nye tiltak for gåande og syklande fleire stader i området. Byggeperioden er estimert ferdig rundt desember 2027
Slik blir byggeperioden inndelt:
Første del: august 2026 - desember 2026
- Klargjøring for videre bygging av fylkesveg 60
- Bygging av fylkesveg 60 mellom Puskhola og Blindheimshallen mot slutten av året
- Sprengingsarbeid
- Muring av tørrmurar
- Sideareal
Andre del: Januar 2027 – Sommer 2027
- Bygging av gang- og sykkelveg mellom Puskhola - Flisnes
- Bygging av sykkelveg og fortau frå Puskhola til Ospedalsbakken
- Omlegging av trafikk og bygging av fylkesveg 60 mellom Puskhola - Flisnes
- Sprengingsarbeid
- Muring av tørrmurar
- Bygging av kommunalveg og gangveg ved Møre barne- og ungdomsskole og ned mot Ramsvika
- Bygging av kommunalveg Klipevegen og fortau
- Bygging av kommunalveg Nyledbakken og Puskhola
Tredje del: Sommer 2027 – haust 2027
- Vidare bygging av gang-/sykkelveg mellom Puskhola - Flisnes
- Vidare bygging av sykkelveg og fortau frå Puskhola til Ospedalsbakken
- Muring av tørrmurar
- Bygging av kommunalveg Sportsvegen og gang- og sykkelveg
- Tilbakeføring av trafikk på fylkesveg 60 mellom Puskhola og Flisnes
Sprengingsarbeid og SMS-varsling
Det vil foregå noko sprengingsarbeid i området. Naboar til anleggsområdet vil merke dette i ulik grad alt etter kvar ein bur. Dersom du ønsker å bli varsla på SMS i forkant av kvar sprenging, kan du melde deg på SMS-varslinga.