Blir med på gatefestivalen for å informere og rettleie

Driv du og set i stand ei gamal bygning? Du kan du få råd og vink frå Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Under Bygningsverndag 2025, som er ein del av Ålesund Gatefestival, er dei på plass for å informere og rettleie.

Helga 5.-6. september er ei spanande helg for kulturarv på Sunnmøre. Storfjordens Venner feirar 75 års-jubileum i Geiranger, og det er i tillegg bygningsverndag på laurdag i Ålesund sentrum, i samband med Ålesund Gatefestival. 

Møre og Romsdal fylkeskommune deltek som aktør på bygningsverndagen, og er tilgjengeleg for rettleiing om kulturminne og bygningsvern. Dei kan informere om restaurering og istandsetjingstiltak, energieffektivisering av eldre bygningar, og alle tilskotsordningane som finst for eldre bygningar og kulturminne. Du finn dei i Korsatunellen!

Bygningsverndagen er eit samarbeidsprosjekt mellom Fortidsminneforeininga Lokallag Sunnmøre, VITI og Ålesund kommune, med støtte frå Kjell Holm Stiftelsen. 

Bygningsverndag 2025 er del av Kulturminnedagane 2025 der tema for 2025 er Hjem- utvikling, utvandring, utveksling.

Les meir om arrangementet på Ålesund Gatefestival sine nettsider.

Liste over aktørar som deltek: 

Håndtverkarar:

  • Ornamentfabrikken
  • Morad Vest
  • Slinning Snikkkarverkstad
  • Byggmeister Inge Kolås
  • Kolvik tradisjonshandverk 

Øvrige:

  • Fortidsminneforeininga Sunnmøre Lokallag 
  • Møre og Romsdal hylkeskommune – seksjon kulturminne og friluftsliv
  • VITI Jugendstilsenteret
  • VITI Sunnmøre Museum
  • Ålesund kommune - Byggesaksavdelinga
  • Ålesund brannvesen
  • Ålesund og omegn Geologiforening 
  • Å Arkitekter