Bør du søke klimasatsmidlar?

Skal du gjere ei klimavennleg anskaffing? Eller kartlegge moglege klimatiltak i bygge- eller anleggsprosjekt? Eller har du andre prosjekt på gang som du bør søke om støtte frå Klimasats til?

Søknadssenteret er opent for å legge inn søknadar. Søknadsfristen er 15. februar, kl. 24.00.

Tilskotsordninga skal fremme klimagassreduksjon i kommunar og fylkeskommunar. 

Ordninga skal bidra til at kommunane integrerer klimahensyn i alle sine aktivitetar. Prosjekt som bidrar til å redusere utslepp av klimagassar og omstilling til lågutsleppssamfunnet kan få tilskot. Vidare skal ordninga bidra til at kommunen styrkar rolla som samfunnsutviklar og pådrivar. På den måten kan kommunen legge til rette for samarbeid på klimaområdet mellom ulike aktørar og fagområde.

Meir informasjon om Klimasats finn du hos Miljødirektoratet.

Det kan vere greitt å merke seg at Miljødirektoratet har auka potten. Kommunane får no 100 millioner ekstra til klimaprosjekter, ifølge ein artikkel i Kommunal Rapport.