BROR Mental Helse vart etablert i 2023 av Felix Baldauf og kameraten Even Karpuz. No får dei inkluderings- og mangfaldsprisen.
Sindre Krane Olsen
Jessica Gärtner, leiar i kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune, er svært glad for å tildele Inkluderings- og mangfaldsprisen til kristiansundsbedrifta BROR Mental Helse.
- Å setje menn si mentale helse på agendaen er svært viktig, og temaet er ofte undervurdert, seier Gärtner.
- Arbeidet Bror Mental Helse gjer, med Felix Baldauf og Even Karpuz i spissen, er med på å skape openheit og tryggleik rundt at menn, og spesielt unge menn, skal tørre å snakke om ting som ein opplever som vanskeleg. Dette gjer at fylkeskommunen er svært glad for å tildele prisen til BROR Mental Helse for 2023, seier utvalsleiaren.
Tilbyr verktøy
BROR Mental Helse vart etablert i 2023 av Felix Baldauf og kameraten Even Karpuz. Baldauf er brytar, født i 1994, og representerer Idrettslaget Braatt. I tillegg til å selje BROR-klede, deler dei historier om menn si mentale helse, både eigne og andre sine erfaringar. Målet er å gje deltakarane verktøy dei treng for å kjenne igjen mentale utfordringar hos seg sjølve, og sine nærmaste brør, og oppmode dei til å starte meiningsfulle samtalar om mental helse.
Inkluderings- og mangfaldsprisen vart delt ut for første gong i 2021, og prisen erstattar Likestillingsprisen. Prisen skal gå til ein person, gruppe av personar, bedrifter, institusjonar eller organisasjonar som bur i, eller har sterk tilknyting til fylket.
Prismottakarar skal ha tatt initiativ til eller gjennomført tiltak som fremmer like moglegheiter, meir inkludering og mangfald i samfunns- og arbeidsliv for enkeltpersonar eller grupper uavhengig av kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, alder, etnisitet, språk og religion.
Tidlegare prisvinnarar er Join Us i 2022, Ekornes i 2021 og Håvard Johansen i 2020.