NorInsect produserer tørket melorm på en bærekraftig og miljøvennlig måte.
Norinsect
Melormar frå Norinsect blei servert beinrestar frå kjøttskjerebedrifta Edelgard. Menyen fall i smak hos desse små insekta, som auka proteininnhaldet betydeleg. Dette gjer melormane til ein endå meir attraktiv ressurs til bruk som agn og fôringrediens.
Insekta frå Norinsect blir til vanleg fôra med restar frå lokal matproduksjon, som for eksempel pizzarestar frå Grandiosa-produksjon. Insekta har evne til å gjere om matrestar til verdifulle produkt som fôr og organisk gjødsel. Dette er ein berekraftig måte å utnytte ressursar på som elles ville gått til spille.
Kvalifiseringsprosjektet har vist at det er mogleg å bruke animalsk restråstoff som fôr til melormar. Men det krev vidare optimalisering med riktig tilpassing, noko forskarar og bedrifter planlegg i eit større FoU-prosjekt med støtte frå Forskningsrådet.
Edelgard fekk hausten 2023 500.000 kroner i prosjektstøtte frå Regionalt forskingsfond Møre og Romsdal (RFF) til eit regionalt kvalifiseringsprosjekt. Ordninga skal styrke forsking og innovasjon i næringslivet i Møre og Romsdal og kvalifisere bedriftene til å søke ytterlegare tilskot frå nasjonale og internasjonale verkemiddel. Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som forvaltar ordninga med kvalifiseringsprosjekt.
Oversikt over alle tilskot, prisar og stipend frå fylkeskommunen.