Brukar Molde som eksempel for å inspirere andre byar i Noreg

I morgongryet måndag var riksantikvar Hanna Geiran på byvandring i Molde. Ho fortel at ho brukar Molde for å inspirere andre byar og stadar i Noreg til å ta vare på gjenreisingsarkitekturen.

Med på byvandringa var blant andre fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak, fylkesordførar Anders Riise og ordførar i Molde, Trygve Grydeland.

Morgontur i Molde

Riksantikvar Hanna Geiran synest det var heilt topp å få ta ein morgontur i Molde, som ho seier både er ein fantastisk flott gjenreisingsby, og der det har skjedd veldig mykje positivt. Og ho set pris på det ho fekk sjå:

– Vi har ei satsing på gjenreisingsarkitektur, fordi han er stemoderleg behandla rundt omkring i landet. Og då er nettopp desse fine eksempla frå Molde viktige at vi både veit om og kan formidle til andre, seier Geiran.

Molde som eksempel

Ho seier at Riksantikvaren brukar Molde som eksempel i bystrategien og i eksempelsamlinga.

– Og det er jo ikkje utan grunn. Vi treng sånne forbilde som andre kan bli inspirert av, for å løfte fram dei kvalitetane som gjenreisningsarkitekturen har.

Under byvandringa kommenterte ho fargepaletten som fleire gardeigarar i Molde har tatt i bruk.

– Av ein eller annan grunn så har den kunnskapen og begeistringa for fargar gått i gløymeboka. Og no ser vi at fleire stadar er interessert, og då har vi jo fargeprosjektet her i Molde som ei veldig fin «bjelleku», seier Geiran.

Innsikt og kunnskap

Det var Møre og Romsdal fylkeskommune som var vertskap. Byvandringa blei leia av arkitekt Ola Hjelen frå fylkeskommunen, som med innsikt og kunnskap fortalde om den store samfunnsbygginga etter at Molde, Kristiansund og Åndalsnes blei bomba og øydelagd under den andre verdskrigen.

Byvandringa starta i Alexandraparken, derifrå til Thon Hotel Moldefjord for å sjå korleis fargepaletten for Molde by er tatt i bruk. Vidare til oppussinga av Hofseth-brygga, Sjøfronten, Hotell Molde, Myrabakken og forbi den freda bygninga i Myrabakken 8, opp til trehusbygga i Vektergata og bort til taket på rådhuset i Molde. På kvart eit stopp langs ruta viste Ola Hjelen gode eksempel på korleis Molde blei bygd opp etter krigen; store bygg, små detaljar – alt fundert på kunnskap og god planlegging.