Byggearbeidet i Ålesund sentrum er ferdig

Det nye kollektivknutepunktet i Ålesund sentrum er ferdig, og naboar og anleggsarbeidarar vart invitert til ei markering for å feire at byggeperioden er avslutta og gatene er opne igjen.  

Gruppebilde i gate - Klikk for stort bileteMøre og Romsdal fylkeskommune takka entreprenøren Aco anlegg AS for vel gjennomført byggeprosjekt. Bypakke Ålesund

-    Å bygge midt i bysentrum er utfordrande, og krev mykje koordinering. Det er ikkje alltid slike prosjekt går etter planen, men her klarte vi det. Prosjektet vart ferdig som planlagt, og ser ut til å hamne innanfor kostnadsramma. Det har vi fått til gjennom eit svært godt samarbeid med entreprenøren Aco anlegg og underentreprenørane deira. Dei har vore løysingsorientert og gjort ein glimrande innsats gjennom heile anleggsperioden, fortel Torbjørn Vatnehol, prosjektsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fleksible og positive

Gatene er opna igjen, men det står att nokre mindre oppgåver. Blant anna kjem det lyssignal i krysset ved Notenesgata/Korsegata og Rådstugata/Røysegata. Det blir også etablert eit lite parkområde rett sør for Posthuskrysset, der entreprenøren har hatt eit riggområde under anleggsperioden. Dette arbeidet vil bli avslutta i løpet av nokre veker.

- Vi er spesielt takknemlege for at dei næringsdrivande har vore så fleksible og positive gjennom anleggsperioden. Vi forstår at det har vore krevjande, og vil berre seie tusen takk for samarbeidet, sa Erlend Aune, prosjektleiar for Møre og Romsdal fylkeskommune sine prosjekt i Bypakke Ålesund.

Gjennomkøyring forbode i Keiser Wilhelms gate

Sjølv om alle gatene no er opne igjen, er det ikkje fritt fram til å køyre som tidlegare. Blant anna er det ikkje lengre opent for gjennomkøyring i Keiser Wilhelms gate mellom Pir og Fisketorget.

- Vi oppfordra alle til å vere ekstra merksam på skiltinga i gatene som har  opna opp igjen no, avsluttar Aune.

Bussane ventar litt

FRAM planlegg å ta i bruk det nye kollektivknutepunktet i løpet av desember. Bybussane skal gå frå Keiser Wilhelms gate, medan langdistansebussane og flybussane skal gå frå Korsegata. Meir informasjon om ruteendringane kjem frå FRAM når det nærmar seg.

Offisiell opning av kollektivknutepunktet blir etter nyttår.

Kake - Klikk for stort bileteAnleggsperioden i Ålesund sentrum er no gjennomført. Bypakke Ålesund