Bypakke Ålesund: Status og vegen vidare for Blindheim–Flisnes

Arbeidet med fylkesveg 60 mellom Blindheim og Flisnes går snart inn i siste fase. Etter fleire utfordringar med grunnforhold, eksisterande infrastruktur og medfølgande forseinkingar, er prosjektet inne i ein periode der mykje skal på plass.  Heile prosjektet skal vere ferdig seinhausten 2026.

Oversiktsbilde av rundkøyring - Klikk for stort bileteVegprosjektet tek form. Eivind Finnes

Nøkkeltal og milepelar

  • Prosjekt: Fv. 60 Blindheim–Flisnes
  • ÅDT: Over 11 250 køyretøy i døgnet
  • Ny fylkesveg: 1 750 meter
  • Lokalveg med samanhengande gang- og sykkelveg: 3 000 meter
  • Undergangar: 4 nye + forlenging av eksisterande på Flisnes
  • Omlegging av infrastruktur: Hovudvassleidning og høgspentkablar
  • Ferdig: Seinhausten 2026
  • Haldeplassar: Seks oppgraderte haldeplassar
  • Opphavleg kostnadsramme: 428 millionar kroner (+65 mill. auke) 

Forarbeidet med fylkesvegen har tatt lengre tid enn planlagt. Omlegging av Puskelva og eksisterande infrastruktur har også vore omfattande. Sommar 2024 førte oversvømmingar til ytterlegare forseinkingar, og det måtte kjøpast inn stein til vegfylling eksternt. Det var ikkje mogleg med gjenbruk av masse frå vegen. 

 - Vi har hatt utfordringar som har krevd mykje fleksibilitet, seier hovudbyggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Andreas Bergby.
 - Det er derfor ekstra gledeleg å sjå at dei ulike delane i prosjektet tar form, og at vi har løyst oppgåvene.

Fleire vegstrekningar er allereie oppgradert. Ramsvikvegen og ny trase forbi Myrland blir oppgradert med fortau og vegbelysning. Denne veka blir delar av ny rundkøyring ved Blindheimshallen opna, og trafikken ut på fylkesvegen går via den.  

Bertelsen & Garpestad er entreprenør på prosjektet, som opphavleg hadde ei kostnadsramme på 428 millionar kroner. Kostnadane har sidan auka med 65 millionar, som betyr at det er gjort justeringar for å redusere kostnadar. Mellom anna er fortauet i Ospedalsbakken kutta, og opprusting av fylkesvegen heilt mot vest er korta inn for å unngå konflikt med eksisterande gangbru.

 - Vi skal gjere ny støymåling ved Ospadalsbakken for å stadfeste om støyvoll må byggast eller ikkje, opplyser Bergby.  
 - Det er svært synd å kutte, men det kjem uføresette ting i eit stort prosjekt, som dessverre har gitt auka kostnadar.

Bakgrunn og mål

Bypakke Ålesund sitt prosjekt mellom Blindheim og Flisnes er eit av dei største samferdselstiltaka i regionen. Målet er å skape eit tryggare og meir effektivt transportsystem, med midtrekkverk, støytiltak, undergangar for mjuke trafikantar og ein samanhengande sykkelveg på nordsida av fylkesvegen. Prosjektet omfattar òg oppgradering av kommunale vegar og omlegging av kritisk infrastruktur.

Kva gjenstår?

Prosjektleiar Eduardo Martinez Gutierrez fortel at enno meir vil kome på plass i neste fase.  

 - Gjennom vinteren skal vi ferdigstille Ramsvikvegen opp mot barne- og ungdomsskolen, i tillegg til Nyledbakken og Puskhola, seier han.  
 - Det blir også klargjering for for oppbygging av fylkesveg, samstundes som vi skal sikre god vinterdrift på vegane.

Fra mars 2026 og fram mot sommaren blir det arbeid med sluttføring av fylkesvegen mellom Puskhola og rundkøyringa, og kulvertar for to elvar. Vidare blir sykkelvegar og gangvegar fullført, nye busslommer, resterande fylkesveg og støytiltak langs heile strekninga.  

Omfanget av prosjektet

Prosjektet inkluderar 1 750 meter ny fylkesveg, 3 000 meter lokalveg med gang- og sykkelveg, fire nye undergangar og forlenging av eksisterande undergang på Flisnes. I tillegg blir hovudvassleidning og høgspentkabel lagt om, både mellombels og permanent.

Bypakken skal bidra til ei meir attraktiv og berekraftig byutvikling i Ålesund.  

 - Dette er eit prosjekt som vil gi tryggare skuleveg, betre framkome og eit meir moderne transportsystem, avsluttar Bergby.

Status i prosjektet blei nyleg presentert på eit ope informasjonsmøte for innbyggarar. Der fekk ein stilt viktige spørsmål og ha dialog med prosjektleiinga.  

Heile prosjektet skal vere ferdig seinhausten 2026.

Følg framdrifta på bypakkealesund.no .