Ein hyllegard er ein type gard som ligg på små, flate parti – såkalla “hyller” – i eit elles bratt og utilgjengeleg fjordlandskap. Desse gardane er levande kulturminne der folk har budd og arbeidd i generasjonar, i tett samspel med naturen. No har skuleelvar frå Fjord og Stranda fått oppleve dette livet på nært hald, gjennom prosjektet ‘Fjordarven i ungdomshender’.
Prosjektet er ein del av jubileumsmarkeringa for verdsarvområdet, og har som mål å gi ungdom eit forhold til dei spesielle fjordgardane. Møre og Romsdal fylkeskommune har bidratt med 100 000 kroner.
– Det er utruleg viktig at ungdommane får ta del i historia om hyllegardane, gjere ho til si eiga og vere stolt av ho, seier seksjonsleiar Hilde Arna Tokle Yri. – Gardane er både ein del av historia deira, men også ein del av arven vi forvaltar på vegner av verdssamfunnet.
Grøfting og slått
Ungdomsskoleelevane har både arbeidd og overnatta på hyllegardane.
• Valldal skule starta prosjektet med opphald på Kvernhusneset, der dei rydda råsa til Osvika og avslutta med tur til Vikasætra.
• Stranda ungdomsskule besøkte Ytste Skotet og deltok i vedhogging, grøfting, potetsetjing og ljåslått.
• Geiranger skule fekk vere med til fjellgarden Knivsflå, der dei hesja, kløyvde ved og rydda innmark.
• Stordal skule hadde to dagar på Ytste Skotet og Skotshalsen, med aktivitetar som vedhogging, kjøkkenhagearbeid og matlaging på vedomn.
• Eidsdal skule besøkte Smoge, rydda og merkte råsa frå Smogereset til Smogelia, og fekk overnatte hos vertskapet Bjørg og Lars Kjell.
Dei private eigarane har vore vertskap.
Til hausten er det elevar frå Sunnylven skule sin tur, før det heile vert avslutta med ei felles markering i Geiranger i september.
– Dette vart eit av årets kjekkaste prosjekt, seier prosjektleiar Merete Rønneberg i Stiftelsen Geirangerfjord verdsarv.
'Fjordarven i ungdomshender' er eit samarbeid mellom Stiftelsen Geirangerfjord verdsarv, verneområdeforvaltinga, Storfjordens Venner, Møre og Romsdal fylkeskommune og Stranda kommune. Støtta frå fylkeskommunen skal bidra til å oppfylle Noregs forpliktingar etter Unescos verdsarvkonvensjon.