Campus er heilt ferdig

Campus Kristiansund er ferdig. Fredag overtok byggherren. No startar innflyttinga.

– Bygget er no heilt ferdig og klart for å bli tatt i bruk. Dei første leietakerane flytter inn allereie i september, blant anna FRAM som tar i bruk det nye pauserommet for sjåførar i månadsskiftet august/september, seier prosjektleiar Tone Bjerknes i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fylkeskommunen som leigetakar begynner no å få levert og montert utstyr før innflytting i veke 40 (måndag 30. september) og veke 41. Tannklinikken startar montering av sitt inventar og utstyr komande veke, og fagskolen og administrasjonen får levert møblar i veke 38 (16. september) og 39.

Første offisielle kontordag i nye Campus Kristiansund for administrasjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune, blir måndag 14. oktober.

– Vi gler oss, seier prosjektleiar Tone Bjerknes. 

Bygginga av Campus Kristiansund starta våren 2022. I februar 2023 la Statsminister Jonas Gahr Støre ned grunnsteinen for byggeprosjektet saman med 3. klassetrinn på Allanengen barneskole.

Campus Kristiansund er eit samarbeid mellom Høgskolen i Molde, Kristiansund og Nordmøre Næringsforum, Kristiansund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune.