Celia Berg er ny rektor ved Molde videregående skole

Celia Berg (49) har takka ja til rektorstillinga ved skolen og vil vere klar frå rett over sommaren.

Den nye rektoren. - Klikk for stort bileteCelia Berg blir ny rektor ved Molde videregående skole. Molde vgs.

– Eg møter denne jobben med stor respekt, og eg er takksam for den tilliten eg har fått. No gler eg meg til å ta fatt på mange interessante og spennande oppgåver saman med eit fantastisk flott personale.

Berg har vore tilsett ved Molde vgs sidan 2008, først som lektor, før ho i 2020 vart avdelingsleiar. Ho har også erfaring frå ungdomsskolenivået og høgskolenivået, blant anna som høgskolelektor ved Høgskolen i Bergen, der ho underviste lærarstudentar i lese- og skriveopplæring.

Berg kjenner Molde vidaregåande skole godt. Som rektor for skolen har ho nokre tydelege visjonar;

– Målet er å fortsette å skape ein god skole som gir elevane god opplæring i eit godt miljø, der trivsel og meistring er viktige stikkord. I tillegg ønskjer vi å gjere dei studiespesialiserande utdanningsprogramma våre enda meir praktiske og retta inn mot arbeidslivet i regionen vår gjennom gode samarbeidsprosjekt.

Celia Berg har cand.philol. og PPU frå Universitetet i Bergen, og nasjonal rektorutdanning frå Høgskolen på Vestlandet. I tillegg held ho på med ein master i utdanningsleiing frå Høgskolen i Innlandet.

Berg tek over etter Leif Magne Lervik.