Sørsundbrua i Kristiansund
Ingvild Dverseth Sæter
Prosjektet har som mål å forlenge levetida til den sterkt trafikkerte brua gjennom omfattande forsterkingsarbeid. Kontrakta med Christie & Opsahl AS er verdt 91 millionar.
- Vi er glade for å ha signert kontrakt med ein erfaren aktør som vi har godt samarbeid med frå tidlegare, seier Kjell Inge Langlo, byggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Arbeidet startar i august og vil halde fram i om lag eitt år. Det meste av arbeidet vil bli utført frå lekter i sjøen, men det blir også utført arbeid på land på begge sider av sundet. Vegtrafikken over brua skal normalt ikkje bli påverka.
Sjøtrafikk og vern
Sørsundbrua kryssar seglingsleia til Kristiansund hamn. Arbeidet kan krevje at sundet vert heilt eller delvis stengt for sjøtrafikk. Dette vil då bli varsla særskilt. Det er viktig at alle sjøfarande viser omsyn, held låg fart og følgjer skilting og anvisningar frå entreprenøren.
Lokalt engasjement
Dagleg leiar i Christie & Opsahl AS, Andreas Andenæs, er glad for å ha fått kontrakta. Han understrekar betydninga av å bidra til vedlikehald av viktig infrastruktur lokalt.
- Dette er eit viktig arbeid med spanande utfordringar, spesielt arbeidet under vatn som krev nøye planlegging. Til dømes skal det utførast ein stor samanhengande betongstøyp på om lag 2000 m³, noko som tilsvarar rundt 250 betongbilar og vil pågå over fleire døgn, seier Andenæs.
Frå venstre: Kjell Inge Langlo, byggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Gunnar Erik Walseth, prosjektsjef i Christie & Opsahl, Hallvard Rangnes, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommuneog Bjørn Sunde frå Christie & Opsahl
Møre og Romsdal fylkeskommune