Christie & Opsahl AS tildelt prisen Årets lærebedrift

Fekk diplom, blomar og mykje ros for arbeidet med å lære opp nye fagarbeidarar.

Kvinne deler ut blomar til to menn som held kvart sitt diplom. - Klikk for stort bileteKari Hoset Ansnes, leiar i yrkesopplæringsnemnda, delte ut pris, heider og ære, til Andreas Andenæs, dagleg leiar og Magne Nakken i Christie & Opsahl Møre og Romsdal fylkeskommune

Prisen Årets lærebedrift vart delt ut under årsmøtet til Byggopp, Opplæringskontoret for bygg- og anleggsteknikk, i Ørsta tysdag 9. april.

Det var Kari Hoset Ansnes, leiar av yrkesopplæringsnemnda, som overrekte prisen, til Andreas Andenæs, dagleg leiar og Magne Nakken i Christie & Opsahl. I tillegg til heider og ære, vanka det kake og talar.

Andenæs vart også vald som ny styreleiar i Byggopp same dag. Han har tidlegare uttalt at dei er svært takknemlege for utmerkinga, og set pris på at innsatsen deira har blitt lagt merke til.

Tar samfunnsansvar

Det var Byggopp som nominerte bedrifta til prisen. I nominasjonen framheva dei samfunnsansvaret som bedrifta tar. Juryen for prisen, Yrkesopplæringsnemnda, stilte seg einstemmig bak nominasjonen og kåra entreprenørbedrifta som Årets lærebedrift.

I fjor gjekk prisen til Molde fjordhotell.

Du kan lese meir om prisen her.