Dei første fagbreva er på plass i ny opplæringsordning for vaksne

Tre deltakar har no bestått fagprøva i helsearbeidarfaget i eit heilt nytt undervisningstilbod som Møre og Romsdal fylkeskommune har innført.

Tre kvinner held blomsterbukettar - Klikk for stort bileteHistorisk fagbrev: Flora Barcsa (Averøy) og prosessleiar Ann-Elen Farstad fekk blomster frå ordføraren på Averøy, Ingrid Ovidie Rangønes. Foto: Ressurssenteret Nordmøre

Frå august 2025 tok Møre og Romsdal fylkeskommune i bruk nye læreplanar for vaksne i fleire lærefag gjennom den modulstrukturerte vidaregåande opplæringa for vaksne (MVOV). Målet er å gi vaksne ei meir fleksibel og tilpassa opplæring fram mot fag- eller sveinebrev.
No kan fylkeskommunen markere ein viktig milepåle: Dei første kandidatane har bestått fagprøva i helsearbeidarfaget.
Dei tre første som har oppnådd fagbrev gjennom ordninga, er:

  • Flora Barcsa, Averøy kommune (bestått 26. august)
  • Mari Lillemo, Gjemnes kommune (bestått 27. august)
  • Helene Aamyri, Gjemnes kommune (bestått 9. september)

Først ute i fylket

Flora Barcsa ved Averøy sjukeheim vart den første kandidaten i Møre og Romsdal som bestod fagprøva gjennom MVOV-løpet.
Gjennom mindre enn eitt år har ho arbeidd målretta med teori, praksis og dokumentasjon av kompetanse. Undervegs har ho fått godkjent kompetansemål og moduler, bestått skriftleg eksamen og til slutt fagprøva.
For å markere prestasjonen stilte ordførar i Averøy, Ingrid Ovidie Rangønes, opp med blomsterhelsing til både Flora Barcsa og prosessleiar Ann-Elen Farstad denne veka.

Viktig satsing for framtida

Ressurssenteret Nordmøre har hatt ansvaret for oppfølginga av kandidatane gjennom opplæringsløpet.
– Dette er ei viktig merkedag for oss. Vi er stolte over at dei første deltakarane no har fullført og bestått fagprøva gjennom den nye ordninga. Resultata viser at modulstrukturert opplæring kan gi vaksne ein effektiv og fleksibel veg fram til fagbrev, seier Bjørn Terje Lien Pedersen, avdelingsleiar ved Ressurssenteret Nordmøre.
 

Møter behovet for fagarbeidarar

Behovet for kvalifiserte helsefagarbeidarar er stort i kommunane, og fylkeskommunen ser på MVOV som eit viktig verkemiddel for å få fleire vaksne fram til fagbrev.
– Vi er glade for å kunne bidra til å utdanne sårt tiltrengde helsefagarbeidarar til kommunane på Nordmøre og i resten av fylket. Dette er ein gevinst både for deltakarane, arbeidsgivarane og innbyggjarane som treng gode helse- og omsorgstenester, seier Pedersen.


Om MVOV

Modulstrukturert vidaregåande opplæring for vaksne (MVOV) er ei ny nasjonal ordning som gir vaksne moglegheit til å ta vidaregåande opplæring gjennom mindre og meir oversiktlege modular. Opplæringa blir tilpassa den kompetansen deltakaren allereie har, og kan kombinerast med arbeid.
I Møre og Romsdal blir opplæringa tilbydd gjennom fylkeskommunen sine ressurssenter.