Del og lær: Kommunar kan lære by- og tettstadutvikling av kvarandre

12. november er det nettverkssamling, der kommunane i fylket kan dele kunnskap og erfaring med sentrumsutvikling med kvarandre.

Vaksne og barn sit på kaia og på benkar i eit byområde ein sommarsdag. - Klikk for stort bileteUlstein er blant kommunane som har jobba med sentrumsutvikling, og som presenterer arbeidet sitt på samlinga. Erik Birkeland

By og tettstadprogrammet inviterer kommunane til nettverkssamlinga Del & lær, på Scandic Alexandra i Molde.

På agendaen står innlegg frå Averøy, Ulstein, Ålesund, Sunndalsøra, Molde og Tingvoll som presenterer prosjekta sine innan by- og stadutvikling.

Dette er innleiarane og tema:

  • Erfaringar frå GNIST/Doga | Ragnhild Bertinussen, Averøy kommune & Grete Kongshaug, Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Samarbeid om sentrum | Rebekka Knotten, Ulstein næringsforum, og Anne Marie Andreassen, Sykkylven kommune
  • Kunst i byutviklinga i Ålesund – korleis har vi jobba? | Malin Anna Ramnemo, Ålesund kommune
  •  Reiselivsstrategi Sunndalsøra = stadutvikling  | Sigrun Rødset, Sunndal Næringsselskap & Malene Aaram Vike, Sunndal kommune
  •  Slik jobbar vi med mobilitet og byrom i Molde | Mette Holand & Bente Øverbø, Molde kommune
  •  Moglegheitsstudie for bustadar i Kaibakken | May Kristin Vassli, Tingvoll kommune

 

Etter innlegga er det mogleg å treffe og snakke med innleiarane for å lære meir om prosjekta deira. Erfaringsutveksling og deling er hensikta med sesjonen, og spørsmål, innspel og refleksjonar går begge vegar.

Arrangementet er gratis for kommunane.