Deler arealverktøy med kommunane

Eit nytt digitalt verktøy som fylkeskommunen har laga, vil gi kommunane eit mykje betre grunnlag i planleggingsarbeidet.

Verktøyet viser detaljert arealrekneskap både for fylket og for kommunane i Møre og Romsdal. 

Kommunane har til no brukt betydelege ressursar på å samle inn arealtal og -fakta til lovpålagd planleggingsarbeid, men den nye løysinga som dei gratis kan bruke, vil både spare kommunane for mykje arbeid og gi eit betre avgjerdsgrunnlag i planarbeidet. 

Dette er arealrekneskapen

Arealrekneskapen for Møre og Romsdal 2023 inneheld:

  • Arealbruk: Kva areal som er opparbeidd og/eller nedbygd. 
  • Arealtypar: Fordeling og omfang av ulike typar areal. 
  • Mål med arealet: Fordeling og omfang av arealføremål i kommunale planar. Kommuneplanar, kommunedelplanar og reguleringsplanar gjeldande.

Verktøyet vil vise endringar i arealbruk over tid og gi oversikt over viktige naturressursar.

Arealrekneskapet vil første år ikkje vise historisk utvikling, men det vil bli lagt fram ny rekneskap kvart år slik at kommunane kan sjå endringar over tid.

Den største feilkjelda i datasettet kan truleg knyttast til manglar i det kommunale planregisteret. Desse manglane er det kommunen sjølv som har best oversikt over.

Høgt detaljnivå

– Med verktøyet får kommunane arealkunnskap og oversikt over eige areal, på eit detaljnivå som dei færraste kommunane har ressursar til å samle inn sjølv, seier plansjef Ingunn Bekken Sjåholm i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Arealverktøyet som fylkeskommunen har utarbeidd, gir god og detaljert oversikt over alle områda i kommunen og kva areal som blir brukt til kva. Med denne arealrekneskapen får kommunane servert ei oversikt over alt arealet sitt ned på detaljnivå, som viser korleis areala blir brukt, og ulike type areal og bruksområde.

Nyttig grunnlag

Plansjef Ingunn Bekken Sjåholm seier at verktøyet gir kommunane eit svært nyttig grunnlag for avgjerder.

– Og timinga er god fordi kommunane no skal i gang med å etablere kommunale planstrategiar, ei lovpålagt oppgåve det første året i ny valperiode, seier Sjåholm.

Arealrekneskapen vil særleg vere til god hjelp for å styre planlegginga i berekraftig retning.

– Rekneskapen gir kommunane eit godt grunnlag til å vurdere korleis dei brukar arealet sitt, både no og framover. Det vil hjelpe dei å unngå tap og nedbygging av areal som er særleg verdifulle og bidra til ei berekraftig arealforvaltning, vern av viktige naturressursar og til å ta gode val i plan- og utbyggingsprosessar, seier plansjefen. 

Samfunnsutfordring

Næringssjef Hilde Aspås i Møre og Romsdal fylkeskommune peikar på at klimaendringar og tap av natur er ei stor samfunnsutfordring. 

– Kommunane har ei nøkkelrolle, sidan det er dei som planlegg for kva områda i kommunen skal brukast til, for eksempel areal til bustad, fritidseigedom, landbruk, industri og offentlege føremål. Derfor har vi utvikla ein digital arealrekneskap for Møre og Romsdal, der vi kan sjå korleis dette ser ut for den enkelte kommune. Arealrekneskapen er eit oppslagsverk for både innbyggarar, bedrifter, lag- og organisasjonar og tilsette i kommunen, seier næringssjefen.

Kva er ein arealrekneskap i kommuneplanen?

Ein arealrekneskap kan gje oversyn over planlagde endringar i arealdelen, og det kan vise kva for eit utbyggingspotensial som ligg inne i eksisterande planar.

Arealrekneskapet kan òg brukast til å framheve kvalitetane på areala som vert vurderte eller foreslått omdisponerte til utbyggingsføremål, og bidra til auka medvit om konsekvensane av arealendringar. Ein kan kartleggje og føre arealrekneskap over til dømes særleg karbonrike myrområde, viktige friluftsområde, naturtypar, skog, blågrøn struktur eller samanhengande jordbruksareal. Dette gir kommunen eit betre kunnskapsgrunnlag for å vurdere ulike alternativ for å disponere om og for å unngå tap og nedbygging av særleg verdfulle areal.

Saman med folketalssprognosar kan arealrekneskapen bidra i vurderingane av det reelle behovet for endringar i arealdelen ved rullering. I eit breiare perspektiv er bruk av arealrekneskap nyttig i samfunnsutviklinga, og ved planlegginga av arealbruk av til dømes bustad, infrastruktur og kommunale tenester som skule og helse.

Arealrekneskap vil vere eit hjelpemiddel i dialogen mellom dei ulike aktørane i planprosessen, til dømes med politikarar, utbyggjarar og regionale og statlege fagmyndigheiter. Bruk av arealrekneskap er òg eit verktøy for å følgje utviklinga i kommunen over tid, og til å vurdere måloppnåing.

Slik kan du gjere oppslag i arealrekneskapen

Rekneskapen er presentert på eit dashbord, både som kart og som tabellar i Power BI, og det er enkelt å utforske enkeltkommunar og filtrere etter innhald og arealtype. Alle arealtal er oppgitt i dekar.

Du kan filtrere i toppmenyane, ved å klikke på grafane på venstre side eller ved å klikke på figurane nedst.  «Planreserve» beskriv utbyggingspotensiale i byggeområde.

Ei brukarrettleiing for løysinga er under utarbeiding.

Her kan du sjå resultata i eit interaktivt kart

Her kan du sjå tala i ein interaktiv power BI-løysing