Deler ut pris: Kven er Årets ungdomsråd?

Kjenner du til eit ungdomsråd som har gjort ein ekstra god innsats i året som var? Da bør du nominere dei som årets ungdomsråd i Møre og Romsdal. Prisen blir delt ut av og under ungdommens fylkesting (UFT) i mars.

Bilde av ungdomar i Herøy ungdomsråd. Dei mottar ein diplom.  - Klikk for stort bileteKjenner du til eit ungdomsråd som har gjort ein god jobb for ungdomane i kommunen? Nominer dei til Årets ungdomsråd. På bilde ser du Herøy ungdomsråd som tidlegare har blitt kåra til Årets ungdomsråd. Møre og Romsdal fylkeskommune.

Prisen består av 10 000 kroner som vinnaren kan bruke til prosjekt eller tiltak for ungdom. Med denne prisen ønsker vi å løfte fram ungdomsråd som gjer ein ektra innsats for unge i fylket 

-Å løfte fram gode førebilde og å verdsette den innsatsen som blir gjort, er viktig for at ungdom skal kunne delta i fellesskapet, bli høyrt og lytta til, seier Niels Adon Leenders, leiar i Ungdomspanelet i Møre og Romsdal. 

Kven kan få prisen? 

Prisen går til eit ungdomsråd som har utmerka seg ved å enten ha lagt til rette for medverknad for ungdom, ha skapt gode møteplassar, bidratt til eit allsidig fritidstilbod for ungdom eller på anna vis har gjort ein særskilt innsats for ungdom i kommunen. 

Prisen blir delt ut kvart år av ungdomspanelet i Møre og Romsdal. Ungdomsråd kan nominerast av alle som har tilknyting til Møre og Romsdal fylke. 

Prisen skal gå til ungdomsråd som har utmerka seg ved å: 

  • Legge til rette for medverknad for ungdom. 
  • Skape gode møtestader for ungdom. 
  • Bidra til eit allsidig fritidstilbod for ungdom, eller på anna vis har gjort ein særskilt innsats for ungdom i kommunen. 

 

Prisen har tidlegare gått til Herøy ungdomsråd. 

Har du eit forslag? 

Send inn forslag til kandidat med grunngiving innan 1. mars.

 Skjema for nominering og grunngiving finn du her.