Deltar i EU-prosjekt for å tiltrekke seg digitale nomadar

 Fylkeskommunen er med i Interreg-prosjektet EDIN som skal styrke digitaliseringa og konkurransekrafta i europeiske regionar.

Kvinner og menn som står lent inntil eit gjerde,  med ein innsjå og tre i bakgrunnen.  - Klikk for stort bileteProsjektpartnarane frå Spania, Bulgaria, Italia, Irland, Finland, Litauen og Norge i Ourense, på lanseringsmøte. Frå Møre og Romsdal deltar Olav Drangeid og Lillian Sæther. EDIN

I lag med seks partnarar og spanske Eixo Atlantico som prosjektleiar, deltar fylkeskommunen i EU-prosjektet EDIN der målet er å tiltrekke seg digitale nomadar, for å styrke regional berekraftig utvikling.

-   Å tiltrekke seg digitale nomadar vil kunne bidra til en meir berekraftig heilårsturisme og til meir kompetanse til regionen, seier Olav Drangeid, rådgivar i fylkeskommunen.

Ifølge EDIN er digitale nomadar personar med høg kompetanse som kan jobbe digitalt frå kor som helst, så lenge dei har god internettforbindelse, livskvalitet, rimelege priser, eit godt bevart naturleg miljø og tilgang til lokal kultur. Å tiltrekke seg digitale nomadar vil kunne bidra til regional og lokal utvikling.

Gjennom prosjektet skal deltakarane lære av kvarandre og utvikle politikkverktøy, nye tiltak og visjonar.

Aktørar frå desse regionane er med:

  •  Eixo Atlántico do Noroeste Peninsular (Spania)
  • Svartehavet (Bulgaria)
  • Empolese Valdelsa (Italia)
  • Donegal (Irland)
  • Møre and Romsdal fylkeskommune (Norge)
  • Toscana (Italia)
  • Kainuu (Finland)
  • Lazdijai (Litauen)

Prosjektet er medfinansiert av Interreg Europe og vart nyleg lansert i Ourense, i Spania.