Desse 11 kunstnarane får stipend frå fylkeskommunen

Kultur- og folkehelseutvalet deler ut ein million kroner i kunstnarstipend. Biletkunstnar Lissette Escobar og filmskapar Idun Aalbu Rasmussen får arbeidsstipend på 200 000 kroner. Arbeidsstipenda gir kunstnarane større økonomisk handlingsrom til å jobbe med og utvikle kunsten sin. 

– Det er med stor glede vi gir ut desse stipenda. Det er gjer det mogleg for kunstnarar og jobbe i fylket og er ikkje minst med på sikre eit levande kulturliv i Møre og Romsdal. Kunstnarstipenda er viktige for å styrke kunstnarøkonomien. Det gir kunstnaren moglegheit til å jobbe med kunsten sin, utvikle seg og fordjupe seg over tid som igjen er med på å løfte kvaliteten i arbeidet til kunstnarane, seier Jessica Gärtner, leiar i kultur- og folkehelseutvalet. 

Om kunstnarane som får stipend

Lissette Escobar – eit særprega kunstnarskap med internasjonalt blikk

Kvinne arbeider med visuell kunst - Klikk for stort bileteKunstnar Lissette Escobar, Sula Privat

Lissette Escobar, busett i Sula, får stipend for å vidareutvikle eit kunstnarskap der ho jobbar med komplekse tema som identitet, historie og kulturell arv. Ho utforskar den menneskelege erfaringa gjennom materialbruk og visuelle uttrykk som bind saman ulike tidsepokar og geografiske kontekstar.

Juryen meiner Escobar har levert ein sterk søknad, med eit tydeleg kunstnarisk prosjekt og eit særprega formspråk. I eitt av dei pågåande prosjekta sine skal ho undersøkje arkeologiske keramiske objekt ved museum i Europa, med særleg vekt på keramikk frå Peru. Dette er eit prosjekt som opnar opp for refleksjonar kring museal praksis og dekolonisering av kulturarv – ei problemstilling som står sentralt i mange europeiske institusjonar i dag. 

Idun Aalbu Rasmussen – nært og langvarig filmarbeid om sorg og håp

Kvinne arbeidar med filmproduksjon, står oppe i ei mast på ei sglskute - Klikk for stort bileteFilmskapar Idun Aalbu Rasmussen, Ålesund Hans Munthe-Kaas

Filmskapar Idun Aalbu Rasmussen frå Ålesund får arbeidsstipend på 200 000 kroner for sitt dokumentarfilmprosjekt Pappas kamp for Syver – ein observerande og karakterdriven dokumentar som går tett på dei menneskelege kjenslene som oppstår i møte med sjukdom, ventesorg og håp.

Gjennom fleire år har Rasmussen følgd ei familie der eit barn har ei alvorleg sjukdomshistorie. Med varsam tilnærming og god tillit til dei ho filmar, bygg ho opp eit nært og truverdig bilete av ein far si livslange kamp for sonen sin. 

Stipend til film, musikk litteratur, scenekunst og visuell kunst

Då søknadsfristen gjekk ut, var det totalt 35 søknadar. Av desse var det 11 som fekk tildelt stipend. Her kan du lese juryen sin uttale. (PDF, 95 kB)

Visuelle kunstartar – arbeidsstipend på 200 000 kroner:

Lissette Escobar, Sula

Film – arbeidsstipend på 200 000 kroner:

Idun Aalbu Rasmussen, Ålesund

Film:

Jakob Stærk, Ørsta, 50 000 kroner

Litteratur:

Hilde Myklebust, Vanylven, 100 000 kroner

Øyvind Rangøy, Averøy, 50 000 kroner

Musikk:

Vegard Kvamme Holum, Ålesund, 100 000 kroner

Vetle Nerø, Ålesund, 50 000 kroner

Scenekunst:

Jimu Makurmbandi, Kristiansund, 80 000 kroner

Karen Emilie Nes, Ålesund, 20 000 kroner

Visuell kunst:

Simon Wågsholm, Skodje, 100 000 kroner

Heidi Rødstøl, Rauma, 50 000 kroner