Desse fylkesvegane får ny asfalt i 2025

I 2025 blir det brukt om lag 135 millionar kroner til ny asfalt på fylkesvegane i Møre og Romsdal. Den største delen av desse midlane blir brukt på dei mest trafikkerte strekningane på fylkesvegnettet. 

Val av strekningar følgjer mellom anna den politisk bestemte funksjonsinndelinga. Det vil seie at dei viktigaste og mest trafikkerte vegane blir prioritert. Det medfører at om lag 70 % av tildelingane blir nytta til primærveger. 

Samferdselsutvalet vart orientert om asfaltplana i møtet 12. mars. 

Illustrasjon asfaltlegging. Møre og Romsdal fylkeskommune

Desse fylkesvegstrekningane får asfalt i 2025:

StadVegnr.LengdeForsterknings-strekning
Magerholm ferjekai6087 
Sykkylven (1 felt)60380 
Sykkylven 2 (1 felt)60234 
Sykkylven 360180 
Sykkylven 460469 
Dragsund61160 
Skogavatnet - Gurskebotn612314 
Åheim 161775 
Åheim 2611005 
Øygarden - Fossbakken622996 
Rød - Tjelle622280 
Jordalsgrend - Mjølkil623935 
Sylte - Remseth Maskin631271 
Grense Trøndelag - Settemsdal65960 
Stette - Oppskar5262090 
Åsetstranda - Hatlane6501403 
Blikshammartunnelen - Overåtunnelen6503240 
Vestre - Skarbø6501141 
Giskemo - Sjøholt6501788 
Rovde652830 
Velsvik - Riseneset (Rovde)6521089 
Dragsund - Tjørvåg6544731 
Rafteset - Stokksundbrua6542185 
Åmdalen6552031 
Glomsetvegen6561500 
Samfjordstraumen - Brattvåg6593430 
Longva6591792 
Visdalsheia6602692 
Boggestranda6602225 
Moldegårdsvegen forbi Roseby662485 
Mordal - Eidskrem6623693 
Tverrfjellvegen - Høstad6635503 
Eidem - Tornes (Hustadvika)6641905 
Batnfjord sentrum666498 
Midsundhallen - Midsundbrua6681978 
x680 Espeset - Gjæresvika6824000 
Sandvika - Åram58525137 
Skogavatnet5864997 
Kleven - Dimna58841880 
Vestsida Dimna5884820 
Hareid - Hjørungavåg58864445 
Ikornes - Tusvika59142367 
Andestadvatnet59163700Ja
Furila Skodje5940707Ja
Valkve - Godøya5950290 
Godøya mot Alnes5952400 
Vatne sentrum - Vatnedalen5970535 
Parkeringsplass Krogsætra59701 
Tresfjord59812285 
Grøvdalsvegen (Nyvoll - Svartli)59852515Ja
Sandøya del 160362357Ja
Sandøya del 26036648Ja
Øye - Sylte i Sunndal61561570 
Tevika - Torset (Aure/Todalen)61865210 
Ulvsnes - Skipnes61888865Ja
Giset - Mjosundet61903600 
Årvågen bru - Gjelaneset61924700 

Årets budsjett er på omlag 135 millionar eks. mva. Då er det inkludert omlag 2 millionar i lønns- og prisstigning, og forsterkningsstrekningar på om lag 20-25 mill.

I og med at primærvegane blir prioriterte i 2025 fører det til at sekundærvegane får eit betydeleg etterslep. Mange av desse vegane har svært dårleg standard på dekket. 

Om lag 99 % av fylkesvegnettet blir skanna med målebil kvart år. Sidan 2021 er snittet for dårleg/svært dårleg tilstand på vegnettet 36,9 %.

Det årlege vedlikehaldsbehovet for dekkelegging vart i 2024 berekna til om lag 220 mill.

Kan bli mindre endringar

Prioriteringslistene for dekkelegging er dynamiske og vert oppdatert fleire gonger årleg, etter innmelding frå entreprenørar om skadar og andre uføresette hendingar. Det skjer også at ein må gjere omprioriteringar i plana etter at sesongen har starta som følgje av vêrhendingar og skred.

Utvikling i mengder

Oversikt over mengder lagt asfalt på fylkesvegane i Møre og Romsdal frå 2020 til 2024.


Tilbodsopning for asfaltkontrakter i 2025 er satt til 31.03.2025.

Les saksdokumenta fra samferdselsutvalet 12. mars her.