Politikarane har no bestemt kva tilbod som ikkje blir starta opp skoleåret 2025/2026.
Cecilie Bergsnes
Kvart år, etter søknadsfristen for dei vidaregåande skolane, vurderer kompetanse- og næringsutvalet kva tilbod som ikkje har nok søkarar til å starte opp. Tysdag vedtok utvalet kva tilbod som ikkje blir starta opp, og her er lista:
- Borgund vgs.: Vidaregåande trinn 1 Helse- og oppvekstfag, velferdsteknologi blir ikkje starta ved Borgund vgs. skoleåret 2025/2026
- Borgund vgs.: Vidaregåande trinn 1 Restaurant- og matfag, toppkokk blir ikkje starta ved Borgund vgs. skoleåret 2025/2026
- Borgund vgs.: Vidaregåande trinn 2 Betong og mur blir ikkje starta ved Borgund vgs. skoleåret 2025/2026
- Borgund vgs.: Vidaregåande trinn 2 Helsearbeidarfag, velferdsteknologi blir ikkje starta ved Borgund vgs. skoleåret 2025/2026
- Borgund vgs.: Vidaregåande trinn 3 Dataelektronikarfaget blir ikkje starta ved Borgund vgs. skoleåret 2025/2026
- Gjermundnes vgs.: Vidaregåande trinn 2 Industriteknologi blir ikkje starta ved Gjermundnes vgs. skoleåret 2025/2026
- Gjermundnes vgs.: Vidaregåande trinn 3 Påbygging til generell studiekompetanse blir ikkje starta ved Gjermundnes vgs. skoleåret 2025/2026
- Gjermundnes vgs.: Vidaregåande trinn 3 Studieførebuande naturbruk blir ikkje starta ved Gjermundnes vgs. skoleåret 2025/2026
- Haram vgs.: Vidaregåande trinn 2 Helsearbeidarfag blir ikkje starta ved Haram vgs. skoleåret 2025/2026
- Haram vgs.: Vidaregåande trinn 3 Påbygging til generell studiekompetanse blir ikkje starta ved Haram vgs. skoleåret 2025/2026
- Haram vgs.: Vidaregåande trinn 3 Påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse blir ikkje starta ved Haram vgs. skoleåret 2025/2026
- Herøy vgs.: Vidaregåande trinn 3 Påbygging til generell studiekompetanse blir ikkje starta ved Herøy vgs. skoleåret 2025/2026
- Herøy vgs.: Vidaregåande trinn 3 Påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse blir ikkje starta ved Herøy vgs. skoleåret 2025/2026
- Hustadvika vgs.: Vidaregåande trinn 1 Studiespesialisering blir ikkje starta ved Hustadvika vgs. skoleåret 2025/2026.
- Hustadvika vgs.: Vidaregåande trinn 1 Teknologi- og industrifag, yrkes- og studiekompetanse (YSK) blir ikkje starta ved Hustadvika vgs. skoleåret 2025/2026.
- Hustadvika vgs.: Vidaregåande trinn 2 Realfag blir ikkje starta ved Hustadvika vgs. skoleåret 2025/2026.
- Hustadvika vgs.: Vidaregåande trinn 2 Språk, samfunnsfag og økonomi blir ikkje starta ved Hustadvika vgs. skoleåret 2025/2026.
- Rauma vgs.: Vidaregåande trinn 2 Automatisering blir ikkje starta ved Rauma vgs. skoleåret 2025/2026
- Romsdal vgs.: Vidaregåande trinn 2 Blomsterdekoratør blir ikkje starta ved Romsdal vgs. skoleåret 2025/2026
- Sunndal vgs.: Vidaregåande trinn 2 Tømrar blir ikkje starta ved Sunndal vgs. skoleåret 2025/2026
- Sunndal vgs.: Vidaregåande trinn 2 Barne- og ungdomsarbeidarfaget blir ikkje starta ved Sunndal vgs. skoleåret 2025/2026
- Sunndal vgs.: Vidaregåande trinn 3 Påbygging til generell studiekompetanse blir ikkje starta ved Sunndal vgs. skoleåret 2025/2026
- Sykkylven vgs.: Vidaregåande trinn 3 Påbygging til generell studiekompetanse blir ikkje starta ved Sykkylven vgs. skoleåret 2025/2026
- Sykkylven vgs.: Vidaregåande trinn 3 Påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse blir ikkje starta ved Sykkylven vgs. skoleåret 2025/2026
- Tingvoll vgs.: Vidaregåande trinn 1 Bygg- og anleggsteknikk blir ikkje starta ved Tingvoll vgs. skoleåret 2025/2026
- Tingvoll vgs.: Vidaregåande trinn 2 Helsearbeidarfag blir ikkje starta ved Tingvoll vgs. skoleåret 2025/2026
- Tingvoll vgs: Vidaregåande trinn 2 Tømrar blir ikkje starta ved Tingvoll vgs. skoleåret 2025/2026
- Ørsta vgs.: Vidaregåande trinn 2 Treteknikk blir ikkje starta ved Ørsta vgs. skoleåret 2025/2026
- Ålesund vgs.: Vidaregåande trinn 1 Studiespesialisering, toppidrett blir ikkje starta ved Ålesund vgs. skoleåret 2025/2026
Ekstra studieplassar
Kompetanse- og næringsutvalet vedtok einstemmig å opprette ekstra studieplassar trinn 2 maritime fag ved Ålesund vgs. Bakgrunnen er at det pr. 1. mars er 126 søkarar på dagens 75 plassar.
Det vart også einstemmig vedtatt at Ålesund vgs og Sjøforsvaret skal samarbeide om utdanningsløp i maritime fag. Dei to partane må avklare om det kan bli organisert som eit pilotprosjekt - eit samarbeid som blir utvikla fram mot innsøking til skoleåret 2026-2027.
– Rammene for piloten kan for eksempel være at elever som er motivert for en karriere i Sjøforsvaret søker seg til et eget trinn 2-løp ved Ålesund vgs med sikte på kvalifisering til læreplass i Sjøforsvaret, heiter det i vedtaket.
Elevar blir kontakta
Elevar som har søkt tilbod som ikkje blir starta skoleåret 2025/2026, har blitt kontakta per tekstmelding og e-post. Dei får frist til 20. mars til å endre søknaden sin.
Møteinnkalling, saksframlegg og møteprotokoll for kompetanse- og næringsutvalet 18. mars