Desse tiltaka blir prioriterte for tryggare skolevegar i 2027

Tryggare kryssing ved Ringstad skule i Stranda, sikring av fortau langs Borgundvegen i Ålesund og eit nytt kryssingspunkt i Ålvundfjord står øvst på prioriteringslista for 2027. 

Samferdselsutvalet slutta seg til fylkeskommunedirektøren si innstilling om prioritering av trafikktryggingstiltak for 2027. Tiltaka har ei samla kostnadsramme på fem millionar kroner og skal særleg gjere skolevegane tryggare for barn og unge.

Gjennomføringa føreset at midlane blir løyvde i budsjettet for 2027. Dersom nokre av tiltaka blir dyrare enn berekna, kan tiltaka med lågast prioritet bli flytta til 2028.

Dette er tiltaka i prioritert rekkefølge:  

1 Trafikktryggingstiltak langs fv. 60 ved Ringstad skule i Stranda kommune

Tiltaket ved Ringstad skule i Stranda har høgast prioritet. Her er det planlagt tiltak for 1,8 millionar kroner i krysset mellom fylkesveg 60 Storgata og Bruavegen.

Dei aller fleste skolebarna som går på Ringstad skule, må krysse fylkesveg 60, og mange kryssar i dette punktet. Gangfeltet ligg i dag midt i krysset, og fylkeskommunen har fått fleire meldingar om farlege situasjonar.

Tiltaket omfattar å flytte gangfeltet, bygge nytt fortau og etablere rabatt, rekkverk og betre belysning.

2 Gang- og sykkelvegrekkverk/gjerde fv. 536 Borgundvegen i Ålesund kommune

Langs fylkesveg 536 Borgundvegen på Gåseid i Ålesund manglar det sikring på utsida av ei kort fortausstrekning. Terrenget er bratt, og eit fall utfor kan få alvorlege konsekvensar.

Strekninga er skoleveg og blir brukt av mange gåande og syklande. Tiltaket omfattar gjerde eller gang- og sykkelvegrekkverk, med ein anslått kostnad på 200 000 kroner.

3 Nytt tilrettelagt kryssingspunkt fv. 670 Ålvundfjord i Sunndal kommune

I Sunndal er det prioritert 500 000 kroner til eit tilrettelagt kryssingspunkt og betre belysning i krysset mellom fylkesveg 670 Ålvundfjordvegen og Jostuvegen.

Her ligg bustadfelt på austsida av fylkesvegen, medan gang- og sykkelvegen, skolen og idretts- og aktivitetsområda ligg på vestsida. Tiltaket skal gjere det tryggare for gåande og syklande å krysse vegen.

4 Tiltak for å trygge gangfelt og kryssingspunkt

Det er prioritert 1,5 millionar kroner til å trygge gangfelt og kryssingspunkt. Gåande er særleg utsette når dei kryssar vegen, og tiltaka skal redusere risikoen for ulykker.

Dette arbeidet er også eit oppfølgingstiltak i Nasjonal tiltaksplan for trafikktrygging på veg 2026–2029.

5 Belysningstiltak på skoleveg

Det er prioritert 500 000 kroner til å skifte ut eller oppgradere lysarmatur i eksisterande lysstolpar langs skolevegar.

God belysning er særleg viktig der mange barn og unge ferdast og kryssar vegen.

6 Fartsdempande tiltak

Det er prioritert 500 000 kroner til fartsdempande tiltak. Nokre få strekningar med høgt fartsnivå utanfor tettbygde strøk skal få fartshumpar. Fartsmålingar skal danne grunnlaget for prioriteringa.

Nye kriterium for fartsgrenser gjer at fylkeskommunen må gå gjennom fartsgrensene i tettbygde strøk. Fylkeskommunen vil derfor vente med fleire fartsdempande tiltak i desse områda til gjennomgangen er ferdig og fartsgrensene er justerte.

Møteprotokoll og saksframlegg for samferdselsutvalet onsdag 21. oktober