Desse ungdommane er foreslått til Ungdomspanelet i fylket

Ungdommens fylkesting har innstilt Iver Aarebrot (Haram) som leiar av Ungdomspanelet og Lisa Roald (Giske) som nestleiar.

14 ungdommar oppstilt mot ein vegg. Alle held ei rose.  - Klikk for stort bileteUngdomspanelet 2025-26. Framme frå v. Sandra Hjelvik, (18) Vestnes, Leni Blank, (16) Aukra, 3. vara Iver Aarebrot (17), frå Haram (leiar), Ida Fjerstad (18), Kristiansund, Linda Mordal (16), Hustadvika, Thanura Premakumar , (16) Hareid, Sara Hasselø Berg, (17) Molde, 1. vara. Bak frå v. Paul Roth, (15) Aure, Kasper Dalhaug, (18) Volda, Lisa Marie Nikolaisen Roald (17) , Giske, (nestleiar) Marius Ringstad, (16) Kristiansund, 2. vara Anders Krogset, (15) Molde, 5. vara Kenni Dogbey, (17) Vestnes, 4. vara Olivier Karkoszka, (18) Sula Lill Fjerstad

 

Ungdommens fylkesting, som blei arrangert i  Ålesund i helga, har innstilt nye medlemmar som skal løfte fram dei unges stemme i politiske saker i Møre og Romsdal. Dei nye medlemmene i Ungdomspanelet vil bli vald formelt av fylkestinget i april.
Iver Aarebrot, som er innstilt som leiar, er takksam og klar for innsats.
-    Eg vil takke fylkestinget for den enorme tilliten dei har vist meg. Vi skal jobbe for ein styrka skule, en buss som går og ei framtid vi kan tru på, seier Aarebrot. 

Dette er innstillinga til nytt Ungdomspanel for Møre og Romsdal, fram til mars 2026:

  • Iver Aarebrot (17), frå Haram kommune (leiar av Ungdomspanelet) 
  • Lisa Marie Nikolaisen Roald (17) , Giske kommune (nestleiar) 
  • Ida Fjerstad (18), Kristiansund kommune 
  • Linda Mordal (16), Hustadvika kommune 
  • Kasper Dalhaug (18), Volda kommune 
  • Thanura Premakumar (16),  Hareid kommune
  • Paul Roth (15), Aure kommune 
  • Olivier Karkoszka (18), Sula kommune
  • Sandra Hjelvik (18), Vestnes kommune
  • Sara Hasselø Berg (17), Molde kommune, 1. vara
  • Marius Ringstad (16), Kristiansund kommune, 2. vara
  • Leni Blank (16), Aukra kommune, 3. vara
  • Kenni Dogbey (17), Vestnes kommune, 4. vara
  • Anders Krogset (15), Molde kommune, 5. vara

    Medlemmane er valt inn frå delegatane på ungdommens fylkesting.
    Fire av dei faste medlemmane vart valt for to år ved sist val og vil sitte fram til neste Ungdommens fylkesting i 2026. 
    Ungdomspanelet har ni medlemmar og fem varamedlemmar. 


Arbeidsutval

Ungdomspanelet er ungdommens fylkesting sitt arbeidsutval. Dei arbeider med saker mellom årlege ting, og møtast minst seks gongar i året.  Gjennom ungdomspanelet får ungdom i Møre og Romsdal:

  • reell medverknad på politikk og samfunnsutvikling i kommunar og fylket dei kan påverke politiske saker i fylkeskommunen
  • bidra til å auke ungdommane sitt samfunnsengasjement
  • vere med på opplæring og erfaring i demokratiske prosessar'
  • representerer ungdom i Møre og Romsdal på fylkesnivå, og har kontakt med ungdom i dei lokale ungdomsråda.