Det store og vanskelege valet: inviterer 10. klassingar og foreldre til møte om å søke vidaregåande

Rundt tre tusen ungdommar skal velje vidaregåande opplæring om nokre månader. For mange elevar er dette første gong dei skal ta eit viktig val for framtida. Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til informasjonsmøte.

Gut i jeansjakke sit ved eit bord på eit bibliotek - Klikk for stort bileteÅ velje vidaregåande opplæring er ikkje berre berre. Få med deg det digitale webinaret som gir deg meir informasjon. Terje Aamodt

Tid og stad

Tid: Måndag 27. oktober, kl. 18-18.30
Kvar: digitalt. Du kan melde deg på her
Chat: frå kl. 18- 20
For: 10. klassingar og føresette

Forstå korleis du søker 

Målet er å gjere det enklare å ta eit val som passar for deg – og å avklare vanlege misforståingar om inntak og prioritering av studieprogram og skule.

Kvifor er dette viktig? 

Vi ser at mange elevar og føresette trur at dersom ein ikkje får førstevalet sitt på både studieprogram og studiestad, får ein automatisk andre eller tredjevalet. Slik fungerer det ikkje. Utdanningsprogram trumfar skole – og det er avgjerande å vite når du skal prioritere. Det betyr at dersom du ikkje får plass på førstevalet ditt på ein bestemt skole, kan du få plass på same utdanningsprogram på ein annan skole. Kjem du ikkje inn på dette programmet, kan du få tilbod om andreønsket ditt eller det tredje. Manglande kunnskap om dette fører til skuffelse og feil forventningar. 

Webinaret skal elles ta for seg ulike utdanningsprogram, forskjellen melom yrkesfag og studiespesialisering og det å ta eit val. 

Det er viktig at foreldra og føresette er med på møtet, slik at  råda dei gir til ungdomen er basert på oppdatert kunnskap.

Få svar på det du lurer på

Det er også mogleg å stille spørsmål anonymt i chatten, frå kl. 18 - 20. Rådgivarar frå inntak, opplæring i skole, oppfølgingstenesta og karriere og oppfølging svarar på spørsmål.