Organisasjonssjef Dag Lervik understrekar kvifor digitalisering er avgjerande for framtida, og korleis dette løftet kan hjelpe fylkeskommunen å møte nye utfordringar.
Dag Lervik er organisasjonssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune
Jan Ragnvald Eide
Digiløftet – eit digitalt kompetanseløft
Med raske teknologiske endringar er det avgjerande å sikre at alle tilsette har nødvendig digital kompetanse. Digiløftet er utvikla for å gi tilsette tilgang til relevant opplæring, uansett yrkesrolle.
– Vi har komprimert innhaldet og gjort kursa tilgjengelege i opptak, slik at alle kan lære i sitt eige tempo. Det er heilt nødvendig når kvardagen er travel, seier Lervik.
Digitalisering – ein nødvendighet
– Når vi ser på tilgang på arbeidskraft, ser vi at den yrkesaktive delen av befolkninga går ned. Vi må behalde dei vi har, vi må tiltrekke oss nye, og vi må greie å løyse framtidas behov med færre hender. Dette gjeld ikkje berre helsetenestene, men alle organisasjonar, seier Lervik.
Han viser til at arbeidsmønsteret er i endring, og at fleksibilitet blir stadig viktigare. – Vi har medarbeidarar spreidd over heile fylket, og vi må finne nye måtar å samarbeide på. Ein lærar må vere fysisk til stades for elevane og tannlegen må møte pasienten, men den digitale kvardagen og måten vi løyser oppgåvene på er i endring for nesten alle yrkesgrupper, legg han til.
Digitalisering skjer overalt, også blant reinhaldarane
Jan Ragnvald Eide
Intensiv kursveke
Mange har vore involverte i planlegginga av Digiløftet, både eigne tilsette og eksterne kurshaldarar. – Vi måtte komprimere det for å få til ei god gjennomføring. Dette er nesten som ein festival – vi skapar merksemd rundt temaet.
– Alle yrkesgrupper bruker digitale løysingar i større eller mindre grad. Difor har vi lagt vekt på å lage ein buffet av kurs på felles system som blir brukt i heile organisasjonen, forklarar han.
– Vi skal evaluere og sjå på vidare utvikling, men vi meiner dette er ein modell vi kan byggje vidare på, fortel Lervik.
Leiing i ei digital tid
Digiløftet er meir enn berre ei kursveke – det er ein strategi for å gjere fylkeskommunen meir robust i møte med nye krav. – Vi må heile tida utvikle oss for å halde oss relevante.
Han har sjølv vore kurshaldar i løpet av veka, og snakka om digital leiing.
– Når vi innfører meir fleksible arbeidsplasskonsept, må vi tenkje nytt om korleis vi leiar. Hybridarbeid endrar arbeidskvardagen. Korleis legg vi til rette for dette teknisk? Korleis utøver vi leiing i ein kontekst der vi sjeldnare møtast fysisk og der medarbeidarane vekslar mellom ulike oppmøtestadar, heimekontor eller er på reise? Kva haldningar og politikk har vi på dette området? Dette er viktige spørsmål, seier han.
Kvaliteten på sluttproduktet er det viktigaste
Lervik meiner fleksibiliteten med hybridarbeid blir godt tatt imot av dei tilsette, men han erkjenner at det også utfordrar leiarane. – Som leiar må du sleppe litt kontroll, og det kan vere krevjande. Vi må hugse at vi er her for å løyse eit oppdrag, og vi må alltid sikre at kvaliteten på sluttproduktet vårt er høg.
– Vi må kombinere teknologi, leiing og kultur for å løyse samfunnsoppdraget vårt best mogleg. Det er dette Digiløftet handlar om, avsluttar han.