Konferansen hadde som mål å inspirere fleire kommunar i Møre og Romsdal til å søke midlar frå Utdanningsdirektoratet, som i 2025 har sett av 50 millionar kroner til satsinga. Søknadsfristen for årets tildeling er 15. mars og du kan sjå korleis du søker her.
Lesing i endring
Illustrasjonsbilde
Rogaland fylkeskommune, Mette Langeland
Tidlegare seniorforskar ved Universitetet i Oslo, Astrid Roe, presenterte funn frå PISA-undersøkingar om elevane sine lesevanar. Ho peika på at barn og unge les mindre enn før og har lågare leseengasjement. Roe understreka fordelane ved lesing, som auka konsentrasjonsevne, betre kritisk tenking og meir empati. Ho framheva òg at skulebiblioteka spelar ei viktig rolle i å sikre at alle elevar, uavhengig av bakgrunn, får tilgang til relevant lesestoff.
Erfaringar frå kommunane
Fleire kommunar som tidlegare har motteke midlar delte sine erfaringar. Representantar frå Øygarden og Haugesund kommune fortalde om ei positiv utvikling i både utlån og besøkstal ved skulebiblioteka. Frå Møre og Romsdal presenterte Ålesund kommune arbeidet med den nye skolebibliotekplanen dei har laga. Frå Austevoll kommune vart Skulebibliotekplakaten presentert – ein plan for å sikre ein minstestandard for skulebiblioteka i Vestland fylke.
Leselyststrategien skal snu trenden
I mai 2024 lanserte myndigheitene Leselyststrategien, ein plan for å auke lesegleda blant barn og unge. Strategien slår fast at lesing er ei grunnleggande ferdigheit og avgjerande for både utdanning og demokratisk deltaking. Eit av tiltaka i strategien er å styrke skulebiblioteka som læringsarenaer som fremjar gode leseferdigheiter og kritisk tenking.
Kommunane vert oppmoda til å søkje midlar
Kvart år deler Utdanningsdirektoratet ut midlar til skulebibliotek. Møre og Romsdal har ikkje fått midlar sidan 2019 og fylkeskommunen håpar no at fleire vil nytte seg av årets tildeling.
– Vi ønskjer at fleire skulebibliotek i fylket skal få ta del i desse midlane, og oppmodar kommunane til å søkje, seier kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen.
Konferansen vart arrangert i samarbeid mellom Møre og Romsdal, Rogaland og Vestland fylkeskommune.