Digital skole for alle elevar og tilsette onsdag 31. januar

Elevane på dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal skal ikkje møte på skolen onsdag 31. januar.

Årsaka er at Meteorologisk institutt har sendt ut raudt farevarsel om ekstreme vindforhold. Tilrådinga frå myndigheitene er å halde seg heime mens orkanen herjar.

– Av omsyn til elevar og tilsette, har vi bestemt å ha digital skole på onsdag ved alle dei vidaregåande skolane i fylket. Det betyr at ingen elevar skal møte på skolane den dagen. I løpet av onsdagen vil det bli bestemt kva som skjer på torsdag, seier kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken.

Beslutninga om å halde elevane ute av skolen onsdag, vart tatt etter at Statsforvaltaren kalla inn kommunane og fylkeskommunen til beredskapsmøte tysdag ettermiddag.

Kontaktperson:

  • Erik Brekken, kompetanse - og næringsdirektør, telefon 48 13 12 91