Den kulturelle skulesekken feira 25 år med klovnar og det beste selskapet: Første og andreklassingar frå Helland skule på Vestnes.
Møre og Romsdal fylkeskommune
Dei små som sat og låg på gummimatter framme med scena, ropte og instruerte då klovnetrioen Plutseleg Sirkus entra manesjen på Myra kulturhus på Vestnes. Dei lo høgt eller bua når dei følte for det, og braut inn i handlinga når klovnane trengte hjelp.
- Skjedde dette på ekte? spurte ein førsteklassing då klovneriet var over.
- Nei, ikkje heilt. Vi har øvd på å falle, sa den eine klovnen.
Kva var det morosamaste? spurte dameklovnen det unge publikummet.
- Når du satte fast i rockeringen. Eller når han med hatten falt over klossane.
Kulturfabrikken
Kvart år får 40.400 elevar på 197 skular i Møre og Romsdal kulturopplevingar gjennom Den kulturelle skulesekken. Det er 1800 arrangement i året, og rundt 110 ulike produksjonar på turne. I ein heil generasjon år har dei halde på. Møre og Romsdal var i tillegg blant dei første fylka som starta, og kalla det ‘Kulturnista’ i byrjinga.
Denne dagen, 12. mai, feira dei 25 års jubileum med 70 barn frå Helland skule på Vestnes. Og med kultur- og folkehelseutvalet plassert lenger bak i salen.
Sjølvsagt var det bursdagstale og fine ord
- DKS er kulturell sikringskost. Vi sikrar at alle barn, uavhengig av kulturell kapital, skal få kulturopplevingar, og det får dei, i snitt tre kvar i året, seier direktør i Kulturtanken, Matias Hilmar Iversen, som også var invitert til feiringa.
Spleiselag
Det er Kulturtanken som er ansvarleg for Den kulturelle skolesekken, men kostnaden er eit spleiselag mellom stat, fylkeskommunen og kommunar. I fjor bruke 390 mill. kroner i spelemidlar på DKS, mens fylkeskommunane betalte for administrative kostnader. Han understrekte at programmet er avhengig av mottaksapparat i fylket for å få kulturen ut i skuleverket i heile landet.
- I ei tid med uro og store samfunnsendringar, bind felles kulturopplevingar oss saman, Derfor er det viktig å halde opp DKS-tilbodet, sa han.
Her i fylket er dei den desidert største leverandøren av kulturtilbod til barn og unge.
Kultur- og folkehelseutvalet måtte finne seg i å spele andrefiolin i feiringa, men har likevel nokre ord om jubilanten.
- Først og fremst, gratulerer til DKS. Eg trur dei har ei enorm påverknad på barn og unge. Eg har sett det gjennom aktivt virke sjølv, at dette treff absolutt alle. Det fine med barna er at dei gir ein direkte respons, anten dei likar det eller ei, seier Leif Ersnes, leiar i utvalet.