Dobbel ferjedåp i strålande vårvêr

Det vart folkefest i Åndalsnes då dei to ferjene MF Eresfjord og MF Rødvenfjord vart døypte tysdag.

Folk og ferje. - Klikk for stort bileteGudmor for MF Rødvenfjord var Rauma-ordførar Yvonne Wold. Her saman med Fjord1-sjef Dagfinn Neteland. Arnt Olav Herjehagen

5. mars baud på sitt finaste vårvêr for dei frammøtte på Åndalsnes cruisekai og skapte ei flott ramme for den doble ferjedåpen til reiarlaget Fjord1.

Gudmor for MF Eresfjord var fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak i Møre og Romsdal fylkeskommune. Ordførar i Rauma kommune, Yvonne Wold, var gudmor for MF Rødvenfjord.

Etter sjølve dåpen var det høgtideleg flaggseremoni som stod på programmet.

Elektrisk drift frå mai

MF Eresfjord vart bygd i 2019 og MF Rødvenfjord i 2021, begge ved det tyrkiske verftet Tersan. Dei to ferjene er designa av Multi Maritime i Førde og har hybrid framdrift. Dei har gått som A- og B-ferje i sambandet Åfarnes–Sølsnes for FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune sidan 2020 og 2021. Ferjekaiene i sambandet har vore under ombygging for å tilpassast elektrisk drift og det er planlagd at ferjene skal seile elektrisk frå mai i år.

Ferje ved kai. - Klikk for stort bileteMF Eresfjord ved Tindekaia på Åndalsnes. Arnt Olav Herjehagen

Dei to ferjene har begge ein kapasitet på 120 bilar. 

Mann og kvinne. - Klikk for stort bileteGudmor Toril Hovdenak og Fjord1-sjef Dagfinn Neteland. Arnt Olav Herjehagen

Ferjesambandet Sølsnes-Åfarnes er det tredje største fylkesvegsambandet i Møre og Romsdal og er svært viktig for trafikken mellom Nordmøre og Romsdal og Austlandet.

Omvising og svele

Medan dåpen gjekk føre seg, var det MF Eira som trafikkerte Åfarnes–Sølsnes. MF Eresfjord rakk å bli døypt før den returnerte så fort som mogleg tilbake til sambandet. Om bord i MF Rødvenfjord var det omvising for gjestar og publikum – med servering av dåpskake, brus og kaffi – og sjølvsagt svele.