Doktorgrad om tidleg seterdrift blir tema i første seminar i ny kunnskapsrekke

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer torsdag denne veka til vårens første fagseminar som allereie har vekt stor merksemd – ikkje berre i eigen region, men i heile landet.

Blant dei påmeldte er eit breitt spekter av fagmiljø frå ulike delar av landet representert. På berre ei knapp veke etter at arrangementet vart utlyst på fylkeskommunen sine nettsider har det kome inn nærare 100 digitale påmeldingar. I tillegg er det venta at fleire også vil delta fysisk på arrangementet på St. Carolus i Molde.

Første i seminarrekka

Seminaret tek opp aktuelle tema som er viktige for vidare utvikling innan fagfeltet, og blir det første i det som skal bli ei større seminarrekke. Målet er å gi fagpersonar, kommunar og samarbeidspartnarar ei felles plattform for kompetansepåfyll, inspirasjon og deling av erfaringar.

Kristoffer Dahle, arkeolog og rådgivar i fylkeskommunen, skal snakke om tidleg seterdrift i Møre og Romsdal på det første seminaret torsdag 5. februar. Møre og Romsdal fylkeskommune

I årets første seminar handlar om tidleg seterdrift i Møre og Romsdal. Kristoffer Dahle, arkeolog og rådgivar i fylkeskommunen leverte før jul si doktorgrad om tematikken til strålande tilbakemeldingar. I fleire år har han reist rundt i fylket for å undersøke korleis seterbruket har utvikla seg frå jarnalderen og gjennom mellomalderen. I arbeidet har han nytta seg av georadar og andre inngrepsfrie metodar, men også gjort analyser av mellom anna pollen, insekt, DNA og jordkjemi.
– Vi ser at det skjer store endringar i seterlandskapet i slutten av vikingtida, for om lag  1000 år sidan, men det er også ein del lokal og regional variasjon, seier Dahle.

Digitale seminar opnar døra for eit breiare publikum

– Det er svært gledeleg å sjå at så mange ønsker å vere med digitalt. Det viser at tematikken treffer godt, og at behovet for å møtast på tvers av regionar er stort, seier Hilde Tokle Yri, leiar for seksjon for kulturmiljø og friluftsliv i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Programmet for dei kommande seminara (PDF, 274 kB) er allereie klart og fylkeskommunen lovar både aktuelle innlegg, gode eksempel frå praksis og rom for faglege samtalar. Samlingane vil òg bli tilrettelagde for digital deltaking, slik at flest mogleg får moglegheit til å vere med.

Les meir og meld deg arrangementet torsdag 5. februar på ved å følge denne lenka.