Driftsresultat 47,2 mill. kr lågare enn budsjettert

Møre og Romsdal fylkeskommune sitt netto driftsresultat korrigert for bundne fond vart i 2023 på 63,3 millionar kroner. Det er 47,2 millionar kroner lågare enn budsjettert.

Det viser årsrekneskapen for 2023, som saman med resultatvurdering og årsmelding skal behandlast av hovudutvala 2. april, av fylkesutvalet 8.-9. april før endeleg behandling i fylkestinget 22.-24. april.

Måltal

Om netto driftsresultat, som er på 0,8 prosent av brutto driftsinntekter, skriv fylkeskommunedirektøren at fylkestinget si målsetting er 3,3 prosent. Korrigert gjeldsgrad er på 102 prosent – fylkestinget si målsetting er 120 prosent, noko som er høgare enn Det tekniske berekningsutvalet (TBU ) si anbefalte målsetting på maksimalt 90 prosent. Disposisjonsfondet er på 9,7 prosent – målsettinga er 10 prosent.

– Det er første gong sidan 2019 at MRFK har eit disposisjonsfond under målsettinga på 10 prosent, skriv fylkeskommunedirektøren i saksframlegget.

Meirforbruk samferdselsområdet

Rekneskapen for 2023 viser at samferdselsområdet hadde eit meirforbruk på 92,6 mill. Meirforbruket på samferdsel har bakgrunn i ein inntektssvikt på 63 mill. kroner og at kontraktane vert regulert med ein høgare indeks enn kva som er kompensert i statsbudsjettet og i rammetilskotet frå staten. På bakgrunn av inntektssvikten forslår fylkeskommunedirektøren å auke billettprisane på buss, båt og ferje i sak om «Endring av budsjett 2024» til fylkestinget i april.

– Takstauke er heilt nødvendig for å auke inntektene opp til nivået som er lagt til grunn i budsjett 2024 og økonomiplan 2024-2027. Truleg vil ikkje desse tiltaka vere tilstrekkeleg, og det er behov for å gå djupare inn i kva som er årsakene til inntektssvikten, skriv fylkeskommunedirektøren i saksframlegget. Ho vil i løpet av 2024 legge fram ei sak til fylkestinget med ei utgreiing av heile inntektsida i kollektivtrafikken.

 

Meirforbruk kompetanseområdet

Meirforbruket på kompetanseområdet er på 53,8 mill. kr., blant anna som følge av at dei vidaregåande skolane ikkje har klart å tilpasse struktur og tilbod til strammare økonomiske rammer. Dei vidaregåande skolane er allereie i gang med tiltak for å redusere driftsnivået i 2024.

 Nøkkeltal:

  • Brutto driftsinntekter: 7.504 mill. kr
  • Brutto driftsutgifter: 7.494 mill. kr 
  • Netto driftsresultat korrigert for bundne fond: 63,3 mill. kr, tilsvarande 0,8 % av driftsinntektene
  • Renteutgifter: 314,8 mill. kr
  • Avdrag på lån: 346,8 mill. kr  
  • Investeringar: 1 677,3 mill. kr  
  • Lånegjeld: 9 765 mill. kr 

 

Du kan lese årsrapporten her.

Du kan lese årsmelding her.

Møteinnkalling, saksliste og saksframlegg for samferdselsutvalet 2. april 2024

Møteinnkalling, saksliste og saksframlegg for kultur- og folkehelseutvalet 2. april 2024

Møteinnkalling, saksliste og saksframlegg for kompetanse- og næringsutvalet 2. april 2024