Åram ferjekai
Andreas Tennøy Brekke
Ferje
Fylkesvegferjene frakta om lag 168.000 fleire køyretøy i 2023 enn i 2022. Det er ein auke på om lag 5,3 prosent. For alle ferjesambanda i fylket er talet om lag 302.700 fleire køyretøy enn i 2022. Dette er ein auke på 4,7 prosent. På fylkesvegferjene var talet på attståande køyretøy 29.452 i 2023. Dette er vesentleg lågare enn i 2022 då talet på attståande køyretøy var 37.710.
Elektrifisering
Sambanda Aukra–Hollingsholm, Hareid–Sulesund, Magerholm–Sykkylven, Årvika–Koparneset, Edøya–Sandvika, Seivika–Tømmervågen og Kvanne–Rykkjem er no elektrifisert. I løpet av 2024 vil tre nye samband bli elektrifisert.
Regularitet
Regulariteten for fylkesvegferjesambanda i 2023 var på 99,3 prosent. Regulert for vêrtilhøve er regulariteten på 99,7 prosent.
Økonomi
I høve til budsjett viser resultat ferjedrift eit meirforbruk på 4,03 millionar kroner, som er eit avvik på 0,5 prosent.
Hurtigbåt
Hurtigbåtane frakta omlag 66.000 fleire passasjerar i 2023 enn året før. Regulariteten for hurtigbåtane var på 99,6 prosent i 2023. Regulert for vêrhendingar vart regulariteten 99,9 prosent.
Registrerte ulykker og nesten ulykker for ferjer og hurtigbåt i fylket
Sjøfartsdirektoratet har fått rapportert inn 28 nesten ulykker, og ni ulykker for 2023 frå reiarlag som har kontrakt med Møre og Romsdal fylkeskommune. I 2022 var det rapportert inn 21 nesten ulykker og ti ulykker. FRAM har fokus og oppfølging av reiarlaga om uønskte hendingar. Sikkerheit er prioritert i oppfølginga av reiarlaga.
Økonomi
Nettokostnad for hurtigbåtane vart på 166,3 millionar kroner, noko som inneber eit meirforbruk på 10,7 millionar kroner i høve til budsjett. Samanlikna med 2022 har inntektene auka med 3 millionar kroner, noko som tilsvara om lag 12,5 prosent.
Saksliste, saksframlegg og møteprotokoll for samferdselsutvalet sitt møte tysdag 2. april 2024