Du kan nominere: Kven er Årets ungdomsråd?

Kjenner du til eit ungdomsråd som har gjort ein ekstra god innsats i året som var? Da bør du nominere dei til Årets ungdomsråd i Møre og Romsdal. Prisen blir delt ut på ungdommens fylkesting (UFT) i mars

Fire ungdomar held eit diplom i lag. - Klikk for stort bileteDenne gjengen frå Vestnes vart kåra til Årets ungdomsråd i fjor. Fv Bjørnar Wernberg Aas, Sandra Sangdee Hjelvik, Karoline Nerås Eide, Tuva Johanne Rydpal Hovden Lill Fjerstad

Prisen består av 10 000 kroner som vinnaren kan bruke til prosjekt eller tiltak for ungdom. 
- Med denne prisen ønsker vi å løfte fram ungdomsråd som gjer ein ektra innsats for unge i fylket. Det er viktig for å både anerkjenne arbeidet vinnaren har lagt ned, men også inspirere ungdomsråd over heile fylket til å følge etter, seier Iver Aarebrot, leiar i Ungdommens fylkesråd.

Kven kan få prisen?

Prisen blir delt ut kvart år av Ungdommens fylkesting i Møre og Romsdal. Ungdomsråd kan nominerast av alle som har tilknyting til Møre og Romsdal fylke.

Prisen skal gå til ungdomsråd som har utmerka seg ved å: 

  • legge til rette for medverknad for ungdom. 
  • skape gode møtestader for ungdom. 
  • bidra til eit allsidig fritidstilbod for ungdom, eller på anna vis har gjort ein særskilt innsats for ungdom i kommunen.
     

Prisen har tidlegare gått til Vestnes, Hareid og Herøy ungdomsråd.

Send inn forslag til kandidat med grunngiving innan 1. mars.  Skjema for nominering og grunngiving finn du her.