E39: Vestlandet må stå samla, presentere løysingar og kjempe for heilskapen

200 deltok på mobiliseringskonferanse for E39 Vestlandsvegen i Bergen onsdag. Felles historiefortelling og tydeleg prioritering er målet inn mot NTP 2028.

Det skriv Vestland fylkeskommune på sine nettsider. Og her er meir frå same artikkel:

Tre fylkesordførarar. - Klikk for stort bileteVestlandsrådet ved fylkesordførarane Jon Askeland (Vestland), Anders Riise (Møre og Romsdal) og Ole Ueland (Rogaland) inviterte til mobiliseringskonferanse for E39 Vestlandsvegen. No startar arbeidet. Morten Wanvik

Korleis sikre satsing på og vidare utbygging av E39 Vestlandsvegen i Nasjonal transportplan (NTP) 2029–2040? Med denne utfordringa inviterte Vestlandsrådet til mobilisering i Bergen. Fylkesordførar og leiar for Vestlandsrådet, Jon Askeland, opna konferansen:

– Det handlar om å stå saman om heilskapen. Vi må heve Vestlandet si stemme og stå saman om ein heilskapleg, stor pott til veg og samferdsel i Vestland i neste NTP. Det er ingen som går i tog for heilskapen, men det er mange som går i tog mot enkeltstrekker. Om vi berre går for det små, vert også heilskapen avspist med små summar. Og i mellomtida går jernbanesatsinga sin store gong på Austlandet.

Oppmoda til tydeleg prioritering

Jakob Vorren (Ap), statssekretær i Samferdselsdepartementet, orienterte om prosess, rammer og innretning rundt NTP 2029–2040.

– Om eg skal gi eit råd her i dag, er det at de er tydlege i prioriteringane dykkar inn mot nasjonale myndigheiter. Om ikkje, er det andre som tek dei vala for dykk, sa Vorren. Han er tidlegare fylkestingspolitikar i Møre og Romsdal.

Historieforteljinga må vere lik

Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal må fortelje den same historia om kvifor E39 er avgjerande for verdiskaping og utvikling på Vestlandet, og i Noreg. Det var hovudbodskapen til tidlegare statsråd Bjarne Håkon Hanssen i Kruse Larsen. Han delte 10 råd for politiske suksessfaktorar for å få E39 Vestlandsvegen inn i neste NTP.

– Den største trusselen mot nasjonalt gjennomslag er lokal ueinigheit. Om alle seier det same, i dei ulike treffpunkta dei har, blir det ringar i vatn. Då vert det eit reelt regionprosjekt, og det gjer inntrykk når ein region argumenterer samla.

– No må vi stå saman igjen

Vestlandsrådet ved fylkesordførarane Jon Askeland, Ole Ueland og Anders Riise avslutta med ein felles samtale.

– Det som har blitt sagt oftast i dag er «få det bygd, bli einige og stå saman». Greier vi det, er dette mogleg, sa Ueland. 

– No må vi stå saman igjen. Vestland har i litt for mange år slappa av. Då vert vi enkelt sagt eit lett offer for splitt og hersk, sa Askeland.

 – Det har kome mange gode innspel, og er eg glad for initiativet til denne konferansen. Det å unne kvarandre suksess som nokre sa her i dag, trur eg er det viktigaste vi kan ta med oss i dag, sa Riise.

Konferansen i regi av Vestlandsrådet var eit samarbeid med Bergen Næringsråd, Næringsforeningen i Stavangerregionen og Ålesund Næringsforening.

Tre fylkesordførarar. - Klikk for stort bileteVestlandsrådet ved fylkesordførarane Ole Ueland (frå venstre) Anders Riise og Jon Askeland skal saman finne løysingar for korleis sikre gjennomslag for E39 Vestlandsvegen i neste NTP. Morten Wanvik