Astrid Overaa med kulturprisen. I bakgrunnen leiar av kultur- og folkehelseutvalet Jessica Gärttner og fylkesordførar Anders Riise.
Per-Kristian Bratteng
– Når eg står her no, så er eg eit bevis på at draumar ikkje går ut på dato. For draumar har inga aldersgrense, sa Overaa.
I sin takketale fortalte ho at ho tidleg drøymde om å bli skodespelar, at ho søkte på teaterskolen då ho var 17 år, men ikkje kom inn. Men at ho ikkje ga opp.
– Når eg ser tilbake i dag og skal takke, så er det ungdomane mine eg skal takke, sa ho, og ramsa opp: – Ungdomane, foreldregjengen, Ålesund kommune som let meg få lov til å lage om ein kommunal fritidsklubb til eit ungdomsteater, Teatret Vårt – og ikkje minst familien min. Og fylkeskommunen som såg meg og trudde på meg, sa ho.
Leiar av kultur- og folkehelseutvalet Jessica Gärtner.
Per-Kristian Bratteng
Leiar av kultur- og folkehelseutvalet Jessica Gärtner sa at Astrid Overaa har vore ei uvurderleg kraft for kulturlivet i fylket:
– Du har gitt oss liv og røre, og ikkje minst mykje latter. Med ditt store hjarte for alle, har du opna dører og bygd bruer i heile Møre og Romsdal. I dag skal vi feire deg, Astrid. Fordi din innsats, ditt talent og ditt hjartelag har gjort fylket vårt rikare, og oss alle litt klokare, litt gladare og litt meir leande, sa Gärtner.